Faktaboks

Orm Ivarsson
kalt Orm Kongsbror
Fødd
1138
Død
15. juni 1184, slaget ved Fimreite
Levetidskommentar
omtrentleg fødselsår
Verke
Hovding
Familie

Foreldre: Ivar Sneis og Ingerid Ragnvaldsdotter (ca. 1105–1170).

Trulova 1160 (men kanskje aldri gift) med Ragna Nikolasdotter, dotter til Nikolas Måse og enke etter kong Øystein 2. Haraldsson (død 1157).

Halvbror til kong Inge 1. Haraldsson Krokrygg (ca. 1135–1161) og Nikolas Arnesson (ca. 1150–1225).

Slaget ved Fimreite
Både Orm Ivarsson og Magnus Erlingsson mista livet i slaget ved Fimreite mot kong Sverre 15. juni 1184. Etter slaget vart Sverre einekonge i Noreg. Sverre ber takkebønn etter slaget ved Fimreite, slik Andreas Bloch (1860-1917) førestilte seg det.
Slaget ved Fimreite
Av .

Orm Ivarsson var ein norsk høvding og hærførar. Han var ein av dei mest sentrale aktørane i den politiske maktkampen i Noreg i andre halvdel av 1100-talet (innbyrdesstridane). Han var ein viktig alliert for sin halvbror kong Inge Haraldsson, og etter Erling Skakkes død var han kong Magnus Erlingssons fremste støttespelar. Store deler av sitt vaksne liv tilbrakte han som hærførar til lands eller vanns, før han miste livet i slaget ved Fimreite mot kong Sverre i 1184 saman med Magnus.

Bakgrunn

Orm var son til Ingerid Ragnvaldsdotter og Ivar Sneis. Foreldra var ikkje gifte. Faren Ivar var ein høvding fra Opplanda. Mora Ingerid hadde tidlegare vore gift med kong Harald Gille, som ho hadde sonen Inge Haraldsson med. Inge vart norsk konge i 1136. Orm hadde altså ein halvbror som var konge, noko som er forklaringa på tilnamnet hans, «kongsbror».

Nøyaktig når forholdet mellom Ingerid og Ivar fann stad, og dermed når Orm vart fødd, veit vi ikkje. Rimelegvis skjedde det mellom kong Harald Gilles død i 1136 og Ingerids ekteskap med Ottar Birting i byrjinga av 1140-åra. Historikaren P. A. Munch har plassert Ingerids forhold til Ivar etter Ottars død rundt 1146, men det er altfor seint. I byrjinga av 1160-åra var Orm nemleg vaksen nok til å vere hærførar for kong Inge. Kven Ivar Sneis var, veit vi heller ikkje så mykje om, men det er grunn til å tru han kom frå Oppland. Sverres saga opplyser nemleg at Orm hadde frendestyrken sin i Oppland. Orm fekk dessutan ein son som gjekk under namnet Ivar Steig – eit namn som også er å finne i Oppland.

Hærførar for Inge Haraldsson

Slaget ved Oslo i 1161

Fyrste gongen vi møter Orm i sagalitteraturen, er i februar 1161. Broren, konge Inge, oppheldt seg i Oslo, der Håkon Herdebrei, kong Inges motstandar, var ventande. Orm var også der. Han skulle etter planen gifte seg med Ragna Nikolasdotter, enka etter kong Øystein Haraldsson, nokre dagar seinare.

Før slaget mot Håkon på isen utanfor Oslo vart Inge oppmoda om å la halvbroren Orm vere hovding for hæren. Men kongen ville sjølv leie sine menn i strid. I slaget som fulgte, miste Inge livet, medan Orm utmerka seg som ein dugande hærførar. Til slutt måtte han likevel flykte, og han reiste til Sverige, der halvbroren Magnus Henriksson hadde drepe kong Erik den hellige og sjølv gjorde krav på trona. Bryllaupet med Ragna vart det ikkje noko av i denne omgangen, men det er mogeleg at det vart halde på eit seinare tidspunkt.

Potensielt kongsemne?

Det er nærliggjande å tenkje seg Orm som ein kandidat ved valet av ny konge etter Inge i 1161. Ifølgje Heimskringla vart Ingerid sine søner med Arne på Ståreim nemnde, saman med fleire andre kongsslektningar. Orm høyrer vi derimot ingenting om. Det er mogeleg at kravet om legitimitet har spela inn her – at Orm ikkje vart vurdert fordi han var fødd utanfor ekteskap. Det hevdar mellom andre den britiske historikaren Geoffrey Malcolm Gathorne-Hardy.

Hærførar for Erling Skakke og Magnus Erlingsson

Opphaldet i Sverige vart ikkje langvarig. Allereie året etter er Orm å finne mellom Erling Skakkes og kong Magnus’ hærførarar. Utover i 1160- og 1170-åra ser det ut som om han meir eller mindre hadde hovudansvaret for forsvaret av Viken.

Orm var også sentral i konflikten mellom Erling og kong Valdemar av Danmark i slutten av 1160-åra. Ifølgje den danske historieskrivaren Saxo allierte Erling Skakke seg i løynd med Valdemars motstandar Buris, nok ein halvbror av Orm (frå moras ekteskap med Henrik Skadelår), og Orm var med Erling til det avtalte møtet med Buris. Men Valdemar fekk nyss i planane deira, og tok livet av Buris, som skal ha hatt eit kjærleiksforhald til Valdemars syster, Kristin Knutsdatter.

Kamp mot kong Sverre

Mot slutten av 1170-åra hadde Orm det travelt med å forsvare Viken og dei indre austlandsområda mot Sverre Sigurdsson og birkebeinane. Han kjempa ved kong Magnus’ side i Bergen i 1181, der han med nød og neppe berga livet ved å rømme over fjellet, og i 1184 ved Fimreite i Norefjorden i Sogn. Både Orm og kong Magnus fall i dette slaget, og dessutan Ivar, son til Orm. Liket av Orm vart seinare ført til Oslo, der han vart gravlagd i Hallvardskyrkja.

Ifølgje Snorre var Orm ein vakker mann og ein stor hovding. Sverres saga gjev dessutan inntrykk av at Orm var mann med militær kløkt – ein eigenskap som kong Magnus ikkje alltid visste å verdsette.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg