Mani Hussaini

Faktaboks

Mani Hussaini
Født
25. oktober 1987, Qamishli, Syria
Stortinget.
Mani Hussaini kom til Noreg frå Syria som politisk flyktning. Han var leiar i AUF frå 2014 til 2018.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Artikkelstart

Mani Hussaini er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Akershus. Han er tidlegare leiar i AUF frå 2014 til 2018.

Bakgrunn

Mani Hussaini er fødd i Qamishli i Syria. Han kom til Noreg via Sverige i 2000, og familien blei etter kvart busett på Jessheim i Akershus (no Viken). Han tok vidaregåande skuleNes og på Jessheim, og tok ein bachelorgrad i statsvitskap i 2010 og mastergrad i innovasjon og kunnskap i 2014 frå Universitetet i Oslo. Hussaini var praktikant ved den norske ambassaden i Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emiratar i 2010–2011. Hussaini har vore tilsett som samfunns- og myndigheitskontakt hjå Opplysningskontoret for egg og kjøtt.

Politisk karriere

I 2006 blei Hussaini medlem av AUF, var leiar for AUF i Akershus i 2009–2011 og var fylkessekretær i Akershus AUF i 2011–2012. Han blei vald inn i sentralstyret til AUF i 2012, og han blei vald til leiar av AUF i 2014. Han tok over som leiar etter Eskil Pedersen. Hussaini gjekk av som leiar i 2018 etter å ha sagt frå seg attval på landsmøtet.

Hussaini var vald inn for Arbeidarpartiet i kommunestyret i Ullensaker og fylkestinget i Akershus i 2011–2014. I fylkestingsperioden var han mellom anna medlem av hovudutvalet for utdanning og kompetanse. Hussaini var vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet i Akershus i 2013–2021. Han vart vald inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus for perioden 2021–2025 og vart medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget for same periode.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg