Møre

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Møre, dagsavis i Volda, grunnlagt 1902, utkommer tre ganger ukentlig. Lokalavis for Volda kommune. Eid av Aarflot Media Holding AS. Redaktør: Tore Aarflot.

Historie

Møre utgis av Aarflots Prenteverk AS og er den siste i rekken av aviser som med ujevne mellomrom er utgitt av Aarflot-familien på Ekset, helt siden Sivert Aarflot anskaffet en egen presse og startet Norsk Landboeblad i 1810.

Avisen Ugebladet ble utgitt på Ekset 1888–1902, og Møre ble startet som en direkte fortsettelse av denne. Møre utkom med et prøvenummer 1902, ordinær utgivelse fra 1903. Avisen gikk over til nynorsk i 1910.

Møre er lokalavis for Volda og fører sine anar tilbake til Norsk Landboeblad i 1810. Det heile starta med odelsguten Sivert K. Aarflot (1759–1817) frå Ørsta. Presten Hans Strøm oppdaga at konfirmant Aarflot var flink til å pugge katekisma, og meinte han var etla til noko meir enn berre å vere jordtræl. Strøm gjorde nokre år seinare den unge Aarflot til lærar. Aarflot kom seg fram ved å spele på lag med embetsmenn og kongemakt, og i godt vaksen alder blei han både lensmann og postopnar.

Som postopnar fekk Aarflot tilgang til norske og utanlandske aviser, og såg her eit godt høve til å spe på inntekta. I 1807 søkte han «Allernaadigste Kongen» om løyve til å opprette eit trykkeri på Ekset ved Volda. Aarflot ville ha trykkerimonopol på Sunnmøre og portofritak for ei avis. Søknaden var full av smiger og lovnadar om lojalitet, slik det høvde seg i denne tida. Seinare skreiv Aarflot ein hyllest til Fredrik 6. kvar gong danskekongen hadde fødselsdag.

Aarflot fekk sitt privilegium. Blytypene kjøpte han frå Tyskland, og med hjelp av boktrykkar Andreas Steen frå Trondheim fekk han laga ramme og presse. Norsk Landboeblad kom i 1810. Innhaldet var stort sett saksa frå andre aviser og Aarflots bibliotek. I 1816 gjekk avisa inn, og året etter døydde Aarflot. Sonen Rasmus S. Aarflot tok over som postopnar og lensmann. I 1833 sendte han ut ei ny avis frå trykkeriet, Landboe Avisen. Også i denne avisa var saksa den viktigaste medarbeidaren. Aarflot refererte fyldig frå Stortinget, der han hadde sete i fleire perioder. Då Rasmus S. døydde, tok sonen Maurits A. Aarflot over og gav ut avisa Postbudet etter same lest. I 1868 la han ned Postbudet, samstundes som han gav Jakob N. Kobberstad løyve til å trykke Møringen (1869–1874).

I 1887 fekk Rasmus Steinsvik leige trykkeriet til å trykke avisa Vestmannen, som synte seg å bli for radikal for bygdas pietistar. Maurits A. Aarflot sa difor opp trykkeriavtalen og starta den konservative Ugebladet i 1888 som motvekt. I 1902 selde han trykkeriet til nevøen Maurits Aarflot d.y. som førte vidare Ugebladets line i bladet Møre.

Møre kom ut under krigen og fekk ei rekkje reprimandar for å ha neglisjert nazistane sine pressedirektiv. Avisa fekk difor ikkje krav om erstatning etter krigen. Møre er framleis eigd av etterkommarar etter Sivert K. Aarflot.

Opplag

År Opplag
1932 1500
1950 1912
1960 2314
1970 2858
1983 3377
1990 3677
1998 3829
2008 3735
2015 3243

Fakta

  • Norsk Landboeblad: fyrste nr. 2.1.1810, fyrste utg. Sivert K. Aarflot.
  • Siste nr. april 1816. Landboe-Avisen 5.1.1833–9.12.1843.
  • Postbudet 1.3.1845–26.12.1868.
  • Møringen: første nr. 7.1.1869, siste nr. 21.11.1874. Ugebladet 6.10.1888–20.12.1902.
  • Endrar namn til Møre, prøvenr. 19.12.1902, fyrste ordinære nr. 3.1.1903

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg