Ørsta Avis

Artikkelstart

Ørsta Avis var ei lokalavis for Ørsta kommune, som kom ut frå 1926 og fram til krigsåra. Ørsta Avis har røter i Søndmøre Avis 1902-1921 og etterkommaren Sunnmøre 1921-1926

Historie

Soga om Ørsta Avis handlar også om «Bergmann-tradisjonen». I fleire ættledd har Bergmann-familien vore trykkerieigarar, og som del av dette også vore med på å gje ut aviser fleire stader i landet. Johan Ludvig Bergmann (1842–1925) kom frå Stjørdal (Stjørdalens Tidende) til Ålesund (Sunnmørsposten) i 1888, og flytte så med familie til Ørsta i 1900 og starta trykkeri der. 1902 tok han til å gi ut Søndmøre Avis, den første avisa som kom ut i Ørsta. Avisa var riksmålsavis redaksjonelt, men hadde òg band til avisa Aarvak i Ulsteinvik som gjekk inn i avisa i 1921. Same året heldt Søndmøre Avis fram som Sunnmøre og kom ut i Volda til 1926. I desse åra var Torleiv Bergmann (1884–1946) utgjevar. Sunnmøre markerte seg som organ for Venstre, og på landsmål.

Framhaldet blei Ørsta Avis, med første utgåva 19. mars 1926. Bladet skulle ha stoff av særleg interesse for Ørsta-folket heime og ute, og spaltene var opne «[...] for saklege ordskifte um ymse ting som var uppe i tida». Den første tida kom Ørsta Avis ut kvar fredag, nokre år seinare to gonger i veka, med fem spalter og fire sider, med Sigurd Bergmann (1871–1957) som utgjevar og med eige prenteverk. Avisa var upolitisk. Det meste var skrive på nynorsk. Tilbod om eigne trykkeritenester var med gjennom alle åra.

I juli 1934 tok Ørsta Avis steget over til tre utgåver i veka, med ei sterk oppmoding om å tinge og lyse i avisa, slik at sambygdingane skulle sleppe «[...] å verte vist til meir eller mindre pålitande uppslag i kassor og på stolpar». Tor Bergmann (1910–2005) var no utgjevar.

27. september 1940 blei det stans i bladutgjevinga, med tilvising til både usikker trykkeriteknisk satsing og samtida. 23. november 1940 kom det ny melding om at Ørsta Avis no heldt fram som dagblad, i samarbeid med Ålesunds Avis, og med ambisjonar om å bli eit felles tiltak for søre Sunnmøre.

Avisa skulle koste tre kroner for kvartalet. Som dagblad blei avisa prega av meir nasjonalt, internasjonalt og tidlaust stoff. 11. januar 1941 var det slutt med Ørsta Avis. Dei gamle tingarane hadde svikta, og driftsgrunnlaget sameleis. I avslutningsorda skreiv Ørsta Avis at «[...] Ørsta og Volda er pålag bykommuner å rekna, og det var ikkje meir enn rimeleg at søre Sunn- møre hadde fått sitt eige lokaldagblad. Men det vert vel ein gong».

Fakta

  • Søndmøre Avis: fyrste nr. 12.2.1902, siste nr. 29.9.1921.
  • Skifta namn til Sunnmøre: fyrste nr. 3.10.1921, siste nr. 31.3.1926.
  • Heldt fram som Ørsta Avis: fyrste nr. 19.3.1926, siste nr. 11.1.1941.
  • Aarvak: fyrste nr. 29.5.1909.
  • Førebels siste nr. 10.4.1912.
  • Starta opp att 27.5.1916, siste nr. 21.4.1921, deretter opptatt i Søndmøre Avis.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg