Liv Kari Eskeland

Faktaboks

Liv Kari Eskeland
Født
21. mai 1965, Stord, Vestland

Artikkelstart

Liv Kari Eskeland er sivilarkitekt, tidlegare ordførarStord og stortingsrepresentant for Høgre frå Hordaland sidan 2021.

Bakgrunn

Liv Kari Eskeland er fødd på Stord i Hordaland (no Vestland). Ho gjekk på Stord vidaregåande skule i 1981–1984, tok grunnfag i engelsk ved Høgskulen i Volda i 1984–1985 og tok utdanning som sivilarkitekt frå NTNU i 1985–1990. Eskeland arbeidde som sivilarkitekt ved Holmedal og Husum Offshore AS i 1991–1996, var avdelingsleiar ved Apply Leirvik i 1996–2000 og dagleg leiar i LINK arkitektur på Stord i 2000–2007. Ho var prosjektleiar i offshore-verksemda Unitech Energy Research i 2015–2017.

Politisk karriere

Eskeland har vore leiar av Stord Høgre og medlem av kommunestyret på Stord som ordførar i 2007–2015. Ho var òg medlem av Stord formannskap i 2015–2017. I perioden 2010–2016 var ho fylkesleiar i Hordaland Høgre, og ho har vore medlem av sentralstyret i partiet. Ho har vore vararepresentant til Stortinget i 2009–2017 og var i perioden 2017–2021 møtande representant for dåverande statsminister Erna Solberg.

Eskeland er sidan 2021 innvald som stortingsrepresentant for Høgre frå Hordaland. På Stortinget var ho medlem av energi- og miljøkomiteen i 2017–2021 og er i 2021–2025 medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen. Næringsliv er det viktigaste politiske interessefeltet hennar, og ho er særleg oppteken av rammevilkåra til industrienVestlandet.

Andre verv

Eskeland er styreleiar i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) i 2014–2017 og styremedlem i mellom anna Språkrådet i 2016–2018 og Bremnes Fryseri i 2016–2018.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg