Lasse Kolstad

Faktaboks

Lasse Kolstad

Lars Kolstad

Født
10. januar 1922, Oslo
Død
14. januar 2012, Oslo

Lasse Kolstad i stykket Fra Steinrøysa til Broadway, 1992. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Lasse Kolstad
Av /NTB Scanpix.

Lasse Kolstad i stykket Musical Musikal fra 2003.

Det Norske Teatret.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Lasse Kolstad var ein norsk skodespelar og songar. Han var ein av dei sentrale skodespelarane ved Det Norske Teatret i siste del av 1900-talet. Ikkje minst var han ei sentral kraft i mange av musikkoppsetjingane ved teatret. Han hadde ei karakteristisk og ruvande røyst.

Bakgrunn

Lasse Kolstad utdanna seg som skodespelar på elevskulen ved Trøndelag Teater i 1942–1944. Her debuterte han som skodespelar i 1943, og han var tilsett ved teateret i 1945–1949. Samstundes studerte han song i København i 1946–1947.

Kolstad var tilsett ved Centralteatret i 1949–1950, Edderkoppen i 1950–1952, Riksteatret i 1952–1956, Det Norske Teatret i 1956–1965 og Fjernsynsteatret i 1965–1969. Frå 1969 var han attende ved Det Norske Teatret, der han var tilsett fram til han nådde pensjonsalderen i 1992, men også etter den tid var han med i ei rekkje framsyningar.

Hovudinnsatsen som skodespelar gjorde Kolstad ved Det Norske Teatret. Her hadde han fleire klassiske roller, mellom anna som Caliban i Stormen av William Shakespeare (1958), tittelrolla i Peer Gynt (1962), doktor Stockmann i Ein folkefiende av Ibsen (1973), legen Dorn i Måken av Anton Tsjekhov (1974), Otte i Ettermæle av Olav Duun (1976), tittelrolla i Macbeth (1977), grosserar Werle i Vildanden (1981) og godsforvaltaren Borkin i Ivanov av Tsjekhov (1985). Han hadde fleire roller i Keisar og Galilear (1987).

Med sin musikalske bakgrunn og si kraftfulle songrøyst var Kolstad sentral i ei rekkje musikkoppsetjingar ved Det Norske Teatret. Han byrja som cowboyen i Oklahoma (1960) og hadde stor suksess i rolla som Tevje i Spelemann på taket (1968), som han fekk Kritikarprisen for. Han hadde tittelrolla i Zorba (1971) og rolla som Gus i Cats (1985). Han gjorde òg ein stor innsats i dei mange kabaretane som teateret sette opp, til dømes i Jacques Brel er her i kveld og bur bra i Paris (1975), Så lenge skuta kan gå (1978), Snart gryr ein morgon! (1982), Send inn ein klovn! (1984) og kavalkaden Musical Musikal (2002).

Film og TV

Lasse Kolstad var med i fleire filmar. Han debuterte i Nils R. Müllers Skøytekongen (1953) og spela seinare i filmar som Arne Skouens Bussen (1961), Pål Bang-Hansens Bortreist på ubestemt tid (1974) og Sverre Udnæs' Fru Inger til Østråt (1975). Han var med i den amerikanske Christian Radich-filmen Windjammer (1958) som styrmannen og i The Island at the Top of the World (1974).

For Fjernsynsteatret spelte Kolstad skipper Worse, basert på romanen til Alexander Kielland (1968), og Celius i Det lykkelige valg. Han spelte også inn fleire plater.

Lasse Kolstad blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1987.

Han var bror av Henki Kolstad. Han var først gift med Randi Kolstad Borch og deretter med Bab Christensen.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg