Laila

Laila er eit omdiskutert kvinnenamn. Det kan vere eit samisk og finsk kvinnenamn med bakgrunn i Aila, som i sin tur kanskje kjem av Helga. Laila kan også vere ein variant av det arabiske Leila som tyder ‘natt’. I Noreg er den fyrste forklaringa viktigast.

Namnet har fleire variantar: Laila, Lajla, Layla.

Namnedag er 27. februar. Leander og Lill har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Laila

Kulturell bruk

  • Laila er kjent frå J.A. Friis´ forteljing «Fra Finmarken. Skildringer» (1881). Namnet vart populært etter filmen om Laila (fyrste filmatisering i 1929).

Kjende personar med namnet Laila

Eit utval personar med namnet Laila, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 13100 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Laila som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg