Laila Marie Reiertsen

Faktaboks

Laila Marie Reiertsen
Født
19. oktober 1960, Askøy, Vestland

Artikkelstart

Laila Marie Reiertsen er sjukepleiar, politikar og tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet (FrP) frå Hordaland i 2009–2013.

Bakgrunn

Laila Marie Reiertsen er fødd på Askøy i Hordaland (no Vestland). Ho var elev ved saumlinja ved Fana yrkesskole i 1976–1977 og ved Os gymnas i 1991–1992. Reiertsen utdanna seg til sjukepleiar ved Betanien sykepleierhøgskole i Bergen i 1992–1995, og ho studerte leiing ved NKI i 1999–2001, filosofi og leiing ved Norsk Lærerakademi i 2006–2008 og leiing ved BI frå 2014.

Etter endt sjukepleiarutdanning arbeidde Reiertsen ved ulike helseinstitusjonar og -tenester i Bergen i perioden 1995–2009. Frå 2009 til 2014 var ho tilsett som dagleg leiar ved Ravneberghaugen rehabiliteringssenter, og som HR-leiar frå 2014.

Politisk karriere

I 1987–1994 var ho leiar av Os FrP, kommunestyrerepresentant og medlem av formannskapet i Os i 1995–2011 og i 2015–2019. Reiertsen var varamedlem i fylkestinget i Hordaland i 2003–2011 og nestleiar i Os FrP frå 2012. Ho var vararepresentant til Stortinget i 2005–2009 og vart igjen vararepresentant frå 2013.

Reiertsen var stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Hordaland i 2009–2013 og var då medlem i arbeids- og sosialkomiteen. Ho miste plassen etter stortingsvalet i 2013, men møtte fast i familie- og kulturkomiteen for statssekretær Gjermund Hagesæter frå hausten 2015 til hausten 2016. Eldreomsorg har vore den viktigaste politiske saka for Reiertsen.

Andre verv

Reiertsen var leiar i ungdomslaget Havglimt i 1979–1981 og 1986–1993. Ho har vore meddomar i lagmannsretten sidan 1991, hatt mange offentlege verv som politikar i Os og er nestleiar i Os Turnforening frå 2015.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg