Kygo under konsert i Oslo Spektrum 2014. Av /NRK. CC BY NC SA 2.0

Kygo

Faktaboks

Kygo

Kyrre Gørvell-Dahll

Født
11. september 1991
EDM-artisten Kygo (Kyrre Gørvell-Dahll) under konsert i Oslo Spektrum i 2014.
Kygo
Av /NRK.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Artikkelstart

Kygo er ein norsk produsent og artist frå Bergen som opererer innan sjangeren elektronisk dansemusikk (EDM).

Artisten starta tidleg med produksjon av EDM og har etter kvart etablert seg som ei internasjonal EDM-stjerne, særskilt innan housekategorien «tropisk house».

Kygo står bak fleire internasjonale hitlåtar som Firestone, Stole the Show, Stay og Fragile. I mai 2016 slapp han debutalbumet Cloud Nine. Gørvell-Dahll har også remiksa kjende låtar av blant andre A-ha, Coldplay, Ed Sheeran og Marvin Gaye. Vidare har han samarbeidd med artistar som Selena Gomez, Miguel, OneRepublic, Store P og Lars Vaular.

Musikken hans har fått særleg merksemd grunna sin massive distribusjon gjennom strømmekanalar som Spotify, SoundCloud og YouTube. Frå 2014 har Kygo opptredd på stadig fleire store EDM-festivalar samt spelt eigne livekonsertar verda over. Sommaren 2016 arrangerte han sin eigen festival i heimbyen Bergen kalla Cloud Nine Festival. Saman med den amerikanske artisten Julia Michaels, framførte Kygo singelen deira Carry me under avslutningsseremonien til OL i Rio de Janeiro august 2016. USA-president Joe Biden si sigerstale etter presidentvalet i november 2020 vart avslutta med Kygo sin remix av Whitney Houston sin låt «Higher Love» (2019).

Under Spellemannprisen 2015 mottok Gørvell-Dahll prisen for årets låt, Stole The Show. I tillegg blei han kåra til Årets spellemann. Kygo har vore nominert til spellemannprisen kvart år i perioden 2016-2020 i kategoriane popsolist (2016) og årets låt (2016–2020). Har har også motteke P3-prisen under P3 Gull (2019).

Studioalbum

  • Cloud Nine (2016)
  • Kids in Love (2017)
  • Golden Hour (2020)

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer (1)

skrev Jon Vidar Bergan

Han skriver sitt siste etternavn med to l-er. Altså Gørvell-Dahll. Og hans debutalbum "Cloud Nine" gikk til topps på VG-lista straks det ble utgitt våren 2016. Artikkelen bør også oppdateres med hits han har hatt helt fram til i dag.

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg