Kristin Auestad Danielsen

Faktaboks

Kristin Auestad Danielsen
Født
29. november 1981, Torshavn, Færøyane
Oppvaksen i Gjesdal, Rogaland
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Kristin Auestad Danielsen er lyrikar, dramatikar og forkjempar for nynorsken.

Bakgrunn

Kristin Auestad Danielsen er fødd i Torshavn på Færøyane og er oppvaksen i Gjesdal i Rogaland. Ho har teke forfattarstudiet (2002-2003) og bachelor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Tromsø (2005), og tok dramatikarutdanning frå Århus (2007–2010). Ho er bokmeldar for Klassekampen og arbeider som forfattar og dramatikar. Ho har vore medredaktør i tidsskriftet Kuiper (2006-2007).

Forfattarskapen

Drama

Auestad Danielsen har omsett og lagt til rette tekst for scene for Det Norske Teatret og Sogn og Fjordane Teater. I 2004 debuterte ho med den første einakteren sin ved Dramatikkfestivalen ved Det Norske Teatret. Her sprengjer ho dei tradisjonelle grensene for tid, rom og fiksjon. Figurane har fleire roller og går ut og inn av handlinga og kommenterer handlinga undervegs. Som dramatikarstudent i Århus fekk ho oppført einaktaren Et grisehjerte (2009) på Aarhus Teater. I 2018 kom den første romanen hennar, Vår vesle, som vart sett opp på Det Norske Teatret parallelt med boklansering.

Lyrikk

Auestad Danielsen liker den frie forma diktet gir, og ho er ein spenstig og rampete poet med eit burlesk og leikande språk og med ein elegant rytmesans. I 2003 offentleggjorde ho dikt i tidsskriftet Vagant. I 2005 kom den første diktsamlinga hennar Alle i Norge, i tre, i hengekøyer, og diktsamlinga Nynorsken kom i 2007. I 2012 kom Merk mine ord, åleinemor og i 2015 boksingelen Joggesko. I 2019 kom hennar fjerde diktsamling, Sterke kjensler og andre dikt.

Dikta i samlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer har stor spennvidd, frå biletrike barokke til modernistiske dikt. Auestad Danielsen bruker mange poetiske bilete, ho skriv inderleg, energisk, naivt, ironisk, redd og bråkjekt om alt frå kjærleik og lengt til slektningar, syskenkjærleik og tresortar. Tittelen inviterer ein kompetent og oppfinnsam lesar til å løyse gåter, og samlinga føregår på fleire plan.

Ho skildrar dei tradisjonelle familieforholda samtidig som ho dreg i rutinane i kvardagslivet. Dikta er omgitt av slekt og naturinntrykk, men samlinga er inga tradisjonell heimstaddikting. Leikande bilete og rytmar driv tekstane framover.

Føreordet i diktsamlinga Nynorsken (2007) opnar med denne programerklæringa: «Denne diktsamlinga har som formål å hindre nynorsken frå å forsvinne.» Etter dette kjem parolane strøymande, og eit av føremåla er òg å hindre at Siv Jensen blir den neste statsministaren. Samlinga vil ta på seg politisk ansvar.

Auestad Danielsen kjempar ein kamp for nynorsken og er oppteken av nynorsken sine ibuande kvalitetar og konnotasjonar. Ho ser på språket som kunnskap og at motstandarane ikkje gjer det og ikkje vil lære språk. Nynorsken er mål, middel og meining i diktsamlinga.

Bibliografi

  • Samvittighetskvaler (Noveller, Pelikanen, 2020)
  • Sterke kjensler og andre dikt (Lyrikk, Samlaget, 2019)
  • Vår vesle (Roman, Samlaget, 2018)
  • Joggesko (Lyrikk, Flamme, 2015)
  • Merk mine ord, åleinemor (Lyrikk, Gyldendal, 2012)
  • Nynorsken (Lyrikk, Gyldendal, 2007)
  • Alle i Norge, i tre, i hengekøyer (Lyrikk, Gyldendal, 2006)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg