Kristent fellesskap er eit norsk kristent trussamfunn som oppstod i Bergen i midten av 1970-åra som ei laust organisert ungdomsgruppe. Gruppa har etter kvart utvikla seg og har over 1400 medlemmer.

Bakgrunn

Ved oppstarten var Kristent fellesskap inspirert av Covenant Ministries i Storbritannia. Dei fleste høyrde til den dåverande statskyrkja (Den norske kyrkja). Seinare blei det knytt kontaktar til tilsvarande grupper andre stader i landet.

Trussamfunnet har etter kvart utvikla seg i sjølvstendig retning. Den største kyrkjelyden (meinigheita) er i Bergensområdet, men det finst kyrkjelydar også andre stader. Dei fleste er i Hordaland, og dei finst også i Oslo, Trondheim, Tromsø, Harstad, Skien, Stokke og Vesterålen.

Tru og lære

Rørsla står pinserørsla nær i dei fleste teologiske spørsmål. Ein avviser spedbarnsdåp, men døyper barn ned til 5–6-årsalderen når barnet har ei medviten tru og foreldra ønskjer det. Det blir lagt stor vekt på gjenreising (engelsk restoration) av den kristne kyrkjelyden i den urkristne forma. Styrefunksjonar er reserverte for menn.

Rørsla driv Bergen Bibelskole, gir ut bladet Folk og driv Gjenreisning Norsk forlag i Skien.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg