Karen Barad er professor i feministstudiar, filosofi og medvitshistorie ved University of California i Santa Cruz, sjølv om ho opphavleg er utdanna som teoretisk fysikar ved Stony Brook University. Forskinga hennar omfattar feminisme, fysikk, metafysikk og vitskapsteori og avdekkjer gjennomgripande koplingar på tvers av desse fagfelta.

Barad er knytt til posthumanismen, ei akademisk retning som mellom anna søkjer ein nytenking av tilhøvet mellom kultur og natur. Ho utfordrar mennesket sin status som overlegen andre agentar og rokkar ved skiljelinjene mellom epistemologi, ontologi, etikk og politikk, ved å undergrave tydelege skiljelinjer mellom materielle og diskursive fenomen.

Intra-aksjon

Ein grunntanke for Barad er samanfiltringa mellom meining og materie. Dette omhandlar korleis ulike fenomen er i eit dynamisk samspel med kvarandre på ein slik måte at ein særskild instans ikkje influerer andre utan å sjølv verte påverka. Alle instansar er bunde saman i eit gjensidig tilhøve og vert produserte gjennom desse bindingane.

Denne samanbindinga kjem til uttrykk i omgrepet intra-aksjon, som skil seg frå interaksjon ved at ein ikkje tek for gjeve ferdigproduserte instansar, forma på førehand av møter med andre. Dette tyder at tilhøvet mellom agentar ikkje er eksternt. Då relasjonar er primære, er aktørstatus ikkje ein gjeve eigenskap ved individ, slik aktør-nettverksteori postulerer. Barad markerer denne skilnaden gjennom å tale om «agentar» framfor «aktørar».

Dette er eit stikk mot metodologisk individualisme, då ein ikkje lenger kan tale om distinkte individ uavhengig av deira intra-aksjon med andre agentar. Det tyder ikkje at individ ikkje finst, men at dei ikkje er gjevne eller kan avgrensast i isolasjon. Individ – i likskap med skiljet mellom objekt og subjekt – finst berre i og gjennom intra-aksjon, dei er fenomen produserte gjennom dette samspelet.

Bohr og apparat

Barad adopterer Niels Bohr si tolking av kvantefysikk; dette brotet med Newtons verdsbilete fordrar nytenking av tilhøvet mellom materie og meining. Denne performative forståinga av vitskap fortel at kunnskap ikkje er ein konsekvens av representasjon av verda gjort på avstand, men forma av vårt materielle engasjement med den.

Vitskapelege fenomen vert produserte gjennom vitskapelege apparat. Eit døme på dette er dobbeltspalte-eksperimentet innanfor kvantefysikk, kvar ein sender subtatomære eller atomære partiklar (gjerne foton) fyrst gjennom éin, og dinest gjennom to spaltar plassert bak den fyrste. Bakom spaltene er det ein skjerm som registrerer interferensmønster av ljos og mørke. Dette mønsteret vert teke som eit prov på at partiklane kan oppføre seg som bølgjer og dimed eksisterer i ein superposisjon. Men so snart ein vil observere denne åtferda, vil fotona syne seg som partiklar, då ein kollapsar denne posisjonen.

Barad utvidar apparatomgrepet: Apparat er ikkje avgrensa til berre å gjelde innanfor laboratoriets råmar, men dei er heller ikkje å rekne som reint sosiale konstruksjonar. Apparat er ikkje nøytrale sonder som avdekkjer ei uavhengig (og passiv) verd, ei heller er sosiale strukturar åleine bestemmande for kva forskingsresultat ein får. Det er difor ubestemt om foton er å rekne som bølgjer eller partiklar.

Konstitutive eksklusjonar

Barad talar om konstitutive eksklusjonar, eksklusjonar som snevrar inn – og samstundes produserer – det som eksisterer. Gjennom direkte observasjon produserer vi foton som partiklar. Dette er eit uttrykk for korleis vi gjennom apparata våre utøver særskilde kutt, som samstundes konstituerer dei avgrensa tinga ein observerer og agentane som observerer dei.

Individuering (av agentar) er ein effekt av agentskapelege kutt, utøvd (blant anna) i eksperimentelle settingar. Dei trugar skiljet mellom observatør og det observerte, då objektivitet er fundert i nyttinga av apparat, som kuttar opp verda i mellombelse skiljelinjer. Dette tyder at ytre fenomen aldri er reint ytre, då dei berre er å rekne som ytre fenomen gjennom agentskaplege kutt og relasjonar til andre fenomen.

Dobbeltspalte-forsøket avdekkjer korleis forskarar ikkje står i eit ytre tilhøve til fenomena dei observerer. Barad hevdar at tvitydet som pregar dobbeltspaltinga, ikkje syner ein mangel ved våre apparat, men til eit ontologisk faktum, altso eit tvityd som gjeld røynda sjølv. Det er difor ikkje mogleg å skilje mellom det sosiale og det materielle i produksjonen av vitskaplege resultat. Verda er ikkje noko utanfor oss; vi er av den, då vi deltek i produksjonen av den.

Apparat er opne diskursive praksisar som produserer ontologiske avgrensingar. Dette fortel at ontologi og epistemologi er samanfiltra på same vis som apparat er samanfiltra med praksis. Dei vert og til gjennom praksisar og er i intra-aksjon med andre apparat. Alle vitskapelege omgrep er avleia frå denne deltakinga, og teoriar er difor koagulert praksis. Dei er «materielt-diskursive», av di dei produserer bestemde meiningar og materielle objekt, samstundes som dei ekskluderer produksjonen av andre.

Å møte verda på halvvegen

Apparat produserer agentar gjennom konstitutive samanbindingar. Agentskaplege kutt vert ut-agerte i og gjennom handling; dei produserer distinkte fenomen gjennom deira samspel. Intra-aksjon medverkar dimed interferenssmønster. Desse er ikkje konstruert etter ynskje, men syner til eit møte med mellom materie og meining. På basis av dette tek Barad til orde for det ho kallar agent-realisme. Dette er knytt til korleis fenomen er produkt av intra-aksjon, og ikkje eksisterer uavhengig av dette.

Differensieringa av ulike domene – som natur/kultur, menneskje/dyr og så vidare – vert til gjennom agentskaplege kutt. Då kutta våre ikkje berre gjeld vår erkjenning av verda, men snarare er ein re-konfigurasjon av den pågåande materialiseringa av verda, er det tale om å «møte verda på halvvegen». Agentar, i vid forstand, delar opp verda i transitive og handlingmessige dikotomiar, som ikkje har ontologisk status som føreliggande objekt, men som pågåande og ufullførte prosessar.

Det tyder og at vitskapleg praksis aldri er frikopla frå etiske omsyn. Etikk, ontologi og epistemologi er uløyseleg samanbunde, då inndelingane vi gjer, produserer materielle tilhøve som ein er ansvarleg for. Soleis er etikk korkje åtskild frå eller mogleg å avleie frå vitskapelege funn, men ein integrert del av all praksis. Då det ikkje finst klåre skiljelinjer mellom menneskje og andre skapningar, er dette ein posthuman etikk. Den omhandlar vår evne til å respondere, respons-abilitet, som ikkje er eit ansvar vi kan velje å ta på oss eller ikkje, men gjeld korleis vi dannar relasjonar til andre som mogleggjer vår respons.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur:

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg