Josefin er eit kvinnenamn som kan tolkast som norsk stavemåte av det franske Josephine avleidd av mannsnamnet Josephin.

I fransk uttale av Josephine høyrest ikkje [-e] i utlyd, og dette har gitt seg utslag i den norske stavemåten Josefin utan [e]. Josefin har i det siste vore eit populært namn i Sverige.

Namnet har fleire variantar: Josefin, Josefina, Josefine, Josephine.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 50 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Josefin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Josefin i perioden 1900–2017, var det 66 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Josefin. Dette inneber at 34 prosent hadde Josefin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg