Jorid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Jó-riðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hest’ og etterleddet ‘vakker’. Etterleddet har opphavleg vore -fríðr.

Namnet har fleire variantar: Jori, Jorid.

Namnedag er 12. september. Jofrid har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Jorid

Eksempel på ein person med namnet Jorid som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 872 kvinner i Noreg som hadde Jorid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Det lite brukte Jorid hadde ein langvarig toppfase, 1935–1964. Dette var i etterkant av hovudperioden for dei samansette namna (1920–1949).

Utvikling i bruk av namnet Jorid frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Jorid frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg