Jeffrey kjem av Geoffrey som er eit engelsk og fransk mannsnamn med normannisk opphav. Det er foreslått at det kan relaterast til God-frey der forleddet tyder ‘gud’ og etterleddet ‘fred’. I så fall svarer namnet til det tyske Gottfried.

Namnet har fleire variantar: Geoffrey, Jeffrey.

Kjende personar med namnet Jeffrey

Eit utval personar med namnet Jeffrey, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Jeffrey som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg