Hildur

Artikkelstart

Hildur – og Hild – går tilbake til same kvinnenamn i norrønt, Hildr som tyder ‘strid’.

Hildur er eit av dei få namna som vi har fått i nyislandsk form i norsk, det vil seie med nominativendinga -ur – jamfør hest-ur i islandsk.

Namnedag er 18. januar. Hild har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Hildur

Kulturell bruk

  • Hildur i «Frithiofs saga» (1825) av Esaias Tegnér.
  • Hildur i «Kong Sverres Ungdom» (1837) av Andreas Munch.

Kjende personar med namnet Hildur

Eit utval personar med namnet Hildur, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 4200 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Hildur som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg