Håken er eit mannsnamn. Det er ein variant av Håkon som går tilbake til det norrøne Hákon med omdiskutert opphav. Den vanlegaste tolkinga er at forleddet Hå- tyder ‘høg’, men det kan også tyde ‘hest’. Etterleddet -kon går enten tilbake til norrønt kyn som tyder ‘slekt’ eller til konr som tyder ‘ætling, son’.
Håken
Personar med namnet Håken
Kulturell bruk
- Håken Werle i «Vildanden» (1884) av Henrik Ibsen.
Kjende personar med namnet Håken
Eit utval personar med namnet Haaken, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Haaken Christian Mathiesen (1827–1913)
- Haaken Larpent Mathiesen (1858–1930)
- Haaken Hasberg Gran (1870–1955)
- Haaken Christensen (1924–2008)
- Haaken Severin Mathiesen (1926–1997)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Håken som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Les meir i Store norske leksikon
- mannsnamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.