Haakon er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Håkon som går tilbake til det norrøne Hákon med omdiskutert opphav. Den vanlegaste tolkinga er at forleddet Hå- tyder ‘høg’, men det kan også tyde ‘hest’. Etterleddet -kon går enten tilbake til norrønt kyn som tyder ‘slekt’ eller til konr som tyder ‘ætling, son’.

Namnet har fleire variantar: Hagen, Hakon, Hågen, Håkan, Håken, Håkon, Haagen, Haaken, Haakon.

Namnedag er 22. juni. Maud har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Haakon

Eit utval personar med namnet Haakon, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 845 menn i Noreg som hadde Haakon som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 25 gutar som fekk namnet Haakon.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg