Grethe er eit kvinnenamn som er tysk kortform av Margarethe.

Namnet har fleire variantar: Greta, Grete, Gretha, Grethe.

Kjende personar med namnet Grethe

Eit utval personar med namnet Grethe, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 603 kvinner i Noreg som hadde Grethe som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Grethe var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Grete og Grethe slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Med toppfase i 1940–19åra (Grethe) og 1945–1959 (Grete) er desse to namneformene på topp litt tidlegare enn hovudtyngda av tostava namn på -e med topp 1955–1999, til dømes Bente, Tove, Wencke, Mette og Hilde. Sidan år 1900 har Grete og Grethe til saman vore brukte omtrent 10 gongar så mykje som Greta.

Utvikling i bruk av namnet Grethe frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Grethe frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg