Gottlieb er eit toledda tysk mannsnamn: Gott-lieb. Forleddet tyder ‘Gud’ og etterleddet ‘elsk’ (imperativ).

Gottlieb har same tyding som det greske Theophil og det latinske Amadeus. Namnet vart laga i Tyskland under pietismen på 1600-talet. Fürchtegott (‘frykt Gud’) er eit anna eksempel på denne namnetypen laga under pietismen.

Kjende personar med namnet Gottlieb

Eit utval personar med namnet Gottlieb, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Gottlieb som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Gottlieb i perioden 1900–2017, var det 73 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Gottlieb. Dette inneber at 27 prosent hadde Gottlieb som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg