Faktaboks

Galdhøpiggen
Etymologi
førsteleddet Galdhøe har namn etter garden Galde i Bøverdalen. Ein gald er ein bratt fjellveg eller kleiv.
Region
Jotunheimen. Lom kommune, Innlandet
Høgd
2469
Førstebestigning
Første kjente bestigning var i 1850 av Steinar Sulheim, Ingebrigt N. Flotten og Lars Arnesen.
Galdhøpiggen

Galdhøpiggen og Styggebrean sett frå Skautflye

Av /KF-arkiv ※.
Galdhøpiggen
Noregs høgaste fjell sett frå Juvasshytta
Galdhøpiggen
Styggebrean
Taulag over Styggebrean på veg mot Galdhøpiggen, 1968.
Av /Norsk Teknisk Museum.
Lisens: CC BY SA 3.0

Galdhøpiggen er det høgaste fjellet i Noreg og Nord-Europa, og ligg 2469 meter over havet. Fjellet ligg i Jotunheimen, mellom Visdalen og Leirdalen i Lom kommune i Innlandet fylke.

Glittertinden har tradisjonelt vore det høgaste punktet om ein reknar med snøskavlen på toppen, men har frå 2000-talet vore lågare enn Galdhøpiggen sjølv om ein reknar med snøskavlen, 2460 meter over havet. Toppen av Galdhøpiggen er fri for snø om sumaren.

Frå Galdhøpiggen er det eit mektig utsyn over store delar av Jotunheimen og heilt til Snøhetta i nord, i alt ein tidel av den norske landoverflata. På toppen er ei hytte med enkel servering. Det er bratte stup mot Styggebrean i nord, Storjuvbrean i vest og Svellnosbrean i sør. Merka sti fører frå Juvasshytta i nordaust over Styggebrean (med breføring); omtrent 3 ½ time opp, frå Spiterstulen i aust over Keilhaus topp (2355 meter over havet), omtrent 5 timar opp, 3 timar ned.

Vesle Galdhøpiggen (Veslpiggen) 500 meter nordafor er Noregs sjette høgaste fjelltopp, 2368 meter over havet.

Berggrunnen er gabbro slik som det meste av Jotunheimen.

Historikk

Tidleg på 1800-talet var SnøhettaDovrefjell rekna for å vere Noregs høgaste fjell. På Eidsvoll i 1814 var slagordet «enige og tro til Dovre faller». Den første som gjorde trigonometriske målingar i Jotunheimen, var ingeniøroffiseren Theodor Broch i 1827. Men det var først i 1842 at hæroffiseren og landmåleren Harald Nicolai Storm Wergeland kunne slå fast at Galdhøpiggen var høgare enn Glittertinden og Skagastølstindane. Likevel heldt diskusjonen fram utetter hundreåret, om ikkje Knutsholstindane mellom Gjende og Bygdin kunne vere høgare. Det var først etter at landmålaren Johan N. Hertzberg hadde gjort sine oppmålingar i 1871 og 1873 at diskusjonen stilna.

Hvem som var førstemann på Galdhøpiggen kan og diskuterast. Det er funne ei pil frå yngre jernalder på sjølve toppen, så ein eller fleire må ha vært på toppen i den perioden.

I 1836 satte eigaren av setra Spiterstulen i Visdalen opp eit tilbygg for å huse reisende og jegarar. I 1844 lå professor B. M. Keilhau (kalt Jotunheimens oppdagar) på Spiterstulen saman med nokre studentar. Dei gjorde et forsøk på å bestige Galdhøpiggen, men kom berre nesten opp, til den fortoppen som seinare heiter Keilhaus topp. Første gongen nokon nådde toppen i nyare tid, var i 1850. Det var gardbrukar Steinar Sulheim, kyrkjesongar Ingebrigt N. Flotten og lærar Lars Arnesen, alle frå Lom. Dei gjekk da opp frå Spiterstulen. Den første bymannen som gjekk til topps, var legen Axel Arbo i 1855. Første kvinne på toppen var den 18 år gamle dottera til Steinar Sulheim, Rønnaug Sulheim, i 1856. I 1864 gjekk Ole Røysheim og botanikaren Axel Blytt til toppen frå Raudbergstulen via Juvflye.

I 1886 ble toppen Galdhøpiggen for første gong nådd frå vest. Richard Ball og Johannes Vigdal klatra opp ryggen frå Storjuvtinden. I 1887 skjedde den første klatringa til toppen på vintertid. Thomas Th. Heftye, Carsten Borchgrevink og Knud Vole nådde toppen 1. juledag.

Den samme Vole blei etter kvart den leiande føraren på Galdhøpiggen og blei i 1890 den første patentføreren i DNT. Han førte vanlegvis turistane nede fra Bøverdalen, ein svært lang og slitsom tur. Høsten 1884 begynte han så å bygge ein steinbu ved Juvvatnet. Juvasshytta har siden utviklet mye og blei raskt det viktigste utgangspunktet for turar på Galdhøpiggen.

Den første hytta på toppen vart sett opp av Knud Vole i 1888. Denne vart tatt av ein storm i 1919. I 1925 sette Lars Sulheim på Spiterstulen, opp ei lafta bu på toppen, og året etter kom Juvasshytta med ei ny hytte på toppe. Desse stod til 1961 og 1969. Dagens hytte er frå 1975.

Kart

Kart
Kart
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Møller, Arvid (1994): Galdhøpiggen, Cappelen. Les boka på nb.no
  • Johnsen, Ben. (1995). Jotunheimens stortopper. Universitetsforlaget.
  • Aasgaard, Jan. (2016) Jotunheimen gjennom historien. Dreyer.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg