Glittertinden

Glittertinden i Jotunheimen, Noregs nest høgaste fjell, sett frå aust. I bakgrunnen Galdhøpiggen-massivet. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Artikkelstart

Glittertinden er eit fjell i Aust-Jotunheimen, Lom kommune; 2452 meter over havet.

Faktaboks

Etymologi
Frå elvenamnet Glitra, av verbet ‘glitre’.
Også kjent som

Glittertind

Det faste fjellet av Glittertinden er Noregs nest høgaste fjell etter Galdhøpiggen. Berggrunnen består av gabbro, som det meste av Jotunheimen. Sett frå sør er Glittertinden ei brei, avrunda kjegle med snø på toppen. I dalsida oppover mot toppen passerer ein Glitterbrean. Nordsida av toppen dannar eit 200 meter høgt stup.

Toppen er dekt av ein bre som varierer i drygleik etter nedbør, avsmelting og vind. Høgda over havet medrekna isbreen har variert frå 2481,4 meter i 1931 til 2464 meter i 1996. Måling i juni 2000 ga høgda 2465,6 meter. Sumaren 2019 var toppen nesten snøfri.

Den Norske Turistforening hadde i åra 1905 til 1913 og 1933 til 1972 ei rastebu på toppen som begge bles bort i storm. Det går fotrute over Glittertinden mellom Glitterheim og Spiterstulen turisthytter.

Den fyrste som ein veit nådde toppen av Glittertinden, var Harald Nicolay Storm Wergeland i 1841.

Kart

Glittertinden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg