Frank Bakke-Jensen

Faktaboks

Frank Bakke-Jensen
Født
8. mars 1965, Båtsfjord, Finnmark
Av .

Artikkelstart

Frank Bakke-Jensen er tidlegare sjølvstendig næringsdrivande, ordførar og stortingsrepresentant for Høgre frå Finnmark. Han var forsvarsminister i regjeringa Solberg i 2017-2021 og er sidan 2021 fiskeridirektør i Fiskeridirektoratet.

Bakgrunn

Frank Bakke-Jensen er fødd i Båtsfjord i Finnmark (no Troms og Finnmark). Han tok elektro grunnkurs ved Hammerfest videregående skole i 1981–1982 og serviceelektronikk ved Breivika videregående skole i 1982–1984. Han studerte kristendom i 1993–1994 og marknadsføring for reiselivet i 2005–2006 ved Høgskolen i Finnmark (no UiT Norges arktiske universitet), samt prosjektleiing ved Universitetet i Tromsø (no UiT Norges arktiske universitet) i 2002–2003.

Bakke-Jensen har arbeidd som skipselektronikkteknikar, med radioservice, som teknikar og som lærar. Han var utstasjonert i Libanon (Unifil) i 1990–1991. Han arbeidde som ekspeditør ved Båtsfjord Reiseservice AS ved Båtsfjord lufthamn i 1995–1999 før han i 1999-2007 vart dagleg leiar og eigar av firmaet.

Politisk karriere

Bakke-Jensen var medlem av styret i Båtsfjord Høgre i 1989–1990, medlem av kommunestyret i Båtsfjord i 1999–2009, der han var ordførar i 2007-2009. Bakke-Jensen var òg medlem av fylkestinget i Finnmark i 2007–2009. Han var 2. nestleiar i Finnmark Høgre i 2008–2009, 1. nestleiar i arbeidsutvalet i Finnmark Høgre i 2008–2010 og leiar i 2012–2014.

Bakke-Jensen var stortingsrepresentant for Høgre frå Troms i stortingsperiodane frå 2009 til 2017, og i desember 2016 blei han utnemnd til EØS- og EU-minister i Solberg-regjeringa. I 2017-2021 var han forsvarsminister i den same regjeringa. Han heldt fram som nordisk samarbeidsminister frå 2017 til 2021.

I dei to periodane som stortingsrepresentant sat han i næringskomiteen og var Høgre sin fiskeripolitiske talsmann. I 2020 blei han utnemnt til ny Fiskeridirektør med tiltreding etter regjeringa Solberg sin avgang 2021. Han blei ikkje attvald som stortingsrepresentant ved stortingsvalet i 2021.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg