Eugen er eit mannsnamn som via det franske Eugène kan førast tilbake til latin Eugenius, og derifrå til gresk Eugénios av ordet eu-genes som tyder ‘velboren, av edel slekt’.

Personar med namnet Eugen

Kulturell bruk

  • Verseromanen «Eugen Onegin» (1825–1832) av Aleksandr Pusjkin, opera (1878) med musikk av Pjotr Tsjajkovskij.

Kjende personar med namnet Eugen

Eit utval personar med namnet Eugen, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 900 menn (fødde i Noreg) som hadde Eugen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Eugen i perioden 1900–2017, var det 74 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Eugen. Dette inneber at 26 prosent hadde Eugen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Eugen på 1800-talet.

Eugen var klart mest brukt i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Eugen på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Eugen var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ausjen.)

Historisk bruk av namnet Eugen
Historisk bruk av namnet Eugen
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg