Embret er eit mannsnamn som er norsk form av Engebret med opphav i det tyske Engel-brekt der forleddet tyder ‘anglar (folkestammen)’ og etterleddet ‘lysande’.

Anglarane budde på 400-talet i det området som i dag er Schleswig. I løpet av 400-talet utvandra anglarane til England. Etter at vokalen [e] fall borti Engebret, skjedde denne lydendringa: Engbret til Embret.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 120 menn (fødde i Noreg) som hadde Embret som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Embret på 1800-talet.

Embret var eit spesielt namn for Hedmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Embret på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Embret var eit spesielt namn for Hedmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Embreth.)

Historisk bruk av namnet Embret
Historisk bruk av namnet Embret
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg