Else Mundal

Faktaboks

Else Mundal

Else Olaug Mundal

Født
8. november 1944, Vanylven

Else Mundal er ein norsk filolog. Ho er professor emerita i norrøn filologi. Som forskar har ho hatt ei kulturhistorisk interesse som spenner frå norrøn grammatikk til helgenlegender. Ho er ein kjennar i særklasse av kvinnehistoriske emne og norrøne litterære kjelder i mellomalderen.

Bakgrunn

Else Mundal er fødd på Eidså i Vanylven kommune. Ho tok nordisk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1971, der ho var dosent i norrøn filologi i 1977–1984 og professor i 1985–1994. I 1994 vart ho kalla til professor i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen, og i 2003 vart ho tilknytt Senter for mellomalderstudiar. Ho pensjonerte seg i 2012 og er i dag professor emerita.

Verksemd

Mundal er filolog i brei tyding av ordet. Ein raud tråd i dei tidlege arbeida var kvinneperspektivet. I 1974 publiserte ho Fylgjemotiva i norrøn litteratur. I folketrua var fylgjene varslande vesen, og Mundal viser korleis kvinner kunne vere fylgje, og korleis kvinnefylgjemotiva utvikla seg frå norrøn til nyare tid. Mundal har òg greidd ut om kvinnesynet hos Snorre, og om kvinnene si rolle i den munnlege forteljetradisjonen. Ho har fått fram ny kunnskap om kvinnene si rolle i sagatida, mellom anna som forvaltarar av ære. Det var berre menn som kunne oppnå ære, men Mundal viser korleis kvinner var med og påverka mennene sine æreshandlingar, til dømes blodhemn.

Mundal har vore etterspurd som omsetjar av norrøn litteratur. Eit av dei sentrale verka ho har omsett, er Legender frå mellomalderen (1995). Seinare har ho vore oppteken av møtet mellom den heidne og den kristne kulturen, og i 2010 var ho medforfattar av ei bok om samarsom «dei andre».

Verv og utmerkingar

Mundal var med i styret for Det Norske Samlaget 1992–99. I 1999 vart ho vald inn som medlem i Det Norske Vitskapsakademiet. I 2017 vart ho utnemnd til riddar av Den islandske falkeordenen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg