Eldbjørg Raknes

Faktaboks

Eldbjørg Raknes
Født
9. februar 1970
Eldbjørg Raknes
Av .

Artikkelstart

Eldbjørg Raknes er ein norsk jazzvokalist, komponist og professor i musikk. Innovativ akustisk stemmebruk er hennar fremste varemerke som songar.

Bakgrunn

Raknes vart utdanna ved jazzlinja på Musikkonservatoriet i Trondheim (1990–1994). Frå 1994 har ho vore engasjert som songlærar ved NTNU, og i 2021 vart ho utnemnd til professor ved Institutt for musikk ved NTNU.

Virke

Raknes er frilans musikar, komponist og pedagog og har bak seg ei omfattande turnéverksemd. Under utdanninga medverka ho blant anna i Bodega Band og samarbeidde med keyboardisten Christian Wallumrød. Ho komponerer hovudsakleg for eigne prosjekt, blant anna for ein trio med Eirik Hegdal og Stian Westerhus som gav ut From Frozen Feet Heat Came i 2009, der hennar eigne, ofte improviserte, tekstar står sentralt.

Raknes har vore med i songkvartetten Kvitretten, som har gitt ut albuma Voices (1996), Everything Turns (1999) og Kloden er en snurrebass som snurrer oss (2002), gitt ut albumet Gack! (1999) med Elin Rosseland og Sidsel Endresen under namnet ESE, og medverka i jazzorkesteret Søyr og vokalensemblet Trondheim Voices. I 1997 var Raknes med på å danne gruppa TINGeLING, som same året gav ut eit sjølvtitulert album.

Raknes arbeider mykje med improvisasjon og nyttar live-samplingar av stemma som uttrykk, med og utan tekst. I 2006 kom utgivinga SOLO med improvisasjonar til tekstar av Olav H. Hauge, Lewis Allen, Federico G. Lorca og andre. Ho har også gitt ut blant anna albumet Det bor en gammel baker (1999), med sine eigne melodiar til Inger Hagerups dikt, So Much Depends Upon a Red Wheelbarrow (2002), Många röster talar (2004) og Små sanger mest i det blå (2005, saman med Siri Gjære og Stian Carstensen), Open (2013) og Possibly In Time (2016). Til festivalen Vossa Jazz i 2001 laga ho bestillingsverket Til Iris.

Sidan 2006 har ho gitt ut album på sitt eige plateselskap, My Recordings. Hausten 2009 opna ho sitt eige senter, Sjøbygda kunstnarhus. i 2011 fekk ho Buddy-prisen. Eldbjørg Raknes er systera til bassisten Steinar Raknes.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg