Bygdebladet Randaberg og Rennesøy

Bygdebladet Randaberg og Rennesøy logo

Bygdebladet Randaberg og Rennesøy.

Artikkelstart

Bygdebladet Randaberg og Rennesøy er ei lokalavis som kjem ut i Randaberg i Rogaland kvar torsdag. Avisa blei grunnlagd i 1997 og er eigd av Amedia region Nordsjø, tidlegare Nordsjø Media AS. Bygdebladet Randaberg og Rennesøy dekkjer Randaberg, Rennesøy og Kvitsøy.

Avisa blir også kalla berre Bygdebladet. Journalistane kan velje målform, men bokmål dominerer.

Historie

Før avisa blei etablert, hadde Randaberg kommune gjennom fleire år gitt ut ei kommunal informasjonsavis. Men i 1997 gjekk Randaberg saman med øykommunen Rennesøy (no del av Stavanger kommune) om å lage ei felles lokalavis, Bygdebladet for Randaberg og Rennesøy. Då var det for lengst kome ein undersjøisk tunnel mellom desse kommunane som gjorde sambandet mellom dei mykje lettare.

Opplag

År Opplag
2019 3442

2020

2021

3561

3525

I 2019 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg