Bjørn Lødemel

Faktaboks

Bjørn Lødemel
Født
19. august 1958, Hornindal, Sogn og Fjordane (no Volda, Møre og Romsdal)
Stortinget.

Artikkelstart

Bjørn Lødemel er sjølvstendig næringsdrivande, tidlegare ordførar i Hornindal kommune og stortingsrepresentant for Høgre frå Sogn og Fjordane 2009–2017.

Bakgrunn

Bjørn Lødemel er fødd i Hornindal (no Volda i Møre og Romsdal) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han tok handelsskule i 1974–1976, var tilsett ved Ekornes Fabrikker i Hornindal 1978–1991 og dreiv familiebedrifta Lødemel Bok og Interiør i 1989–2008.

Politisk karriere

Lødemel var representant for Høgre i formannskapet i Hornindal i 1991–1995 og ordførar i Hornindal kommune i 1995–2009. Han har vore leiar av Hornindal Høgre i ei årrekkje, leiar av Sogn og Fjordane Høgre i 2005–2012 og medlem av sentralstyret i partiet 2005–2012. I perioden 2009–2017 var han stortingsrepresentant for Høgre frå Sogn og Fjordane, og var medlem av energi- og miljøkomiteen 2009–2013 og kommunal- og forvaltningskomiteen 2013–2017. Han trakk seg frå nominasjon til Stortingsvalet 2017 på grunn av manglande støtte.

Dei viktigaste politiske sakene hans er samferdsel, mellom anna har han arbeidd for at Kvivsvegen skal bli ein del av stamvegen E39Vestlandet, noko han fekk gjennomslag for. Han har vore Høgre sin rovdyrpolitiske talsmann.

Andre verv

Lødemel var leiar av Hornindal næringsråd i 1991–1995, leiar av volleyballgruppa til Hornindal idrettslag og leiar av Nordfjordrådet i 1997–1999.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg