Bergfrid Fjose var ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti (KrF). Ho var ein fargerik politikar, folkeleg for mange og populær ut over partigrensa.
Bergfrid Fjose
Faktaboks
- Fødd
- 31. mars 1915, Ullensvang
- Død
- 13. mai 2004, Voss
- Verke
- Lærar og politikar
- Familie
-
Foreldre: Folkehøgskulestyrar, stortingsrepresentant og sokneprest Jon Mannsåker (1880–1964) og Anna Erika Stueland (1881–1966).
Gift 18.4.1940 med sokneprest og prost Olav Fjose (5.11.1912–), son av murmeister Anders Fjose (1876–1961) og Anna Rognve (1884–1961).
Bakgrunn
Bergfrid Fjose tok lærarutdanning i Oslo og studerte ei tid ved Menighetsfakultetet. Sidan verka ho som lærar fleire stader, både i Valdres, Kvam, Årdal, Fana og Voss. Ho var kjend for eit sterkt sosialt engasjement, mellom anna for dei nedkøyrde i samfunnet. I abortspørsmålet markerte ho seg tydeleg, og ho la stor vekt på edruskapsspørsmål.
Politikar
Ho var medlem av Kristeleg Folkeparti frå 1945 og kom med i kommunepolitikken alt frå 1950-åra. Ho sat på Stortinget i to periodar, 1969–1977. Dette gjorde henne også til den første kvinnelege stortingsrepresentanten for KrF. Frå 1972 til 1973 var ho sosialminister i Lars Korvalds regjering, og ho var formann i Kristeleg Folkepartis Kvinner frå 1976 til 1978.
Ho fekk fleire offentlege verv også på nasjonalt plan, til dømes i Vinmonopolets råd, Det kriminalførebyggjande råd, Statens eldreråd, Statens attføringsinstitutt og Dagspresseutvalet. Ho var formann i Sogn og Fjordane-krinsen i Noregs Husmorforbund og medlem av landsstyret frå 1961 til 1965.
Interessefelt
Bergfrid Fjose hadde djupe røter i folkehøgskulen, målreisinga og bygdekulturen på Vestlandet. Og ho var aktivt med i arbeidet for kyrkja og misjonen. På Stortinget var ho medlem av Løvebakken Mållag og Fråhaldsgruppa. Saman med ektefellen, presten Olav Fjose, var ho tidleg engasjert i motstandskampen under krigen og måtte røme frå landet.
Politisk stil
Bergfrid Fjose hadde ein levande stil og eit folkeleg uttrykk i møte og på talarstolar. Ho hadde plass for smil og munter sjølvironi i innlegga sine – og sidan vart «fjosepose» eit innslag i folkespråket då Vinmonopolets grå innpakning vart vel synleg.
Familie
Ho var dottera til folkehøgskulestyraren, venstremannen og presten Jon Mannsåker og søstera til riksarkivar Dagfinn Mannsåker.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Olav Fjose: Bergfrid. Oslo 1988
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.