Bergfrid Fjose

Faktaboks

Bergfrid Fjose
Født
31. mars 1915, Ullensvang
Død
13. mai 2004, Voss

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Bergfrid Fjose
Av /NTB Scanpix ※.
Av /Stortingsarkivet.

Artikkelstart

Bergfrid Fjose var ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti (KrF). Ho var ein fargerik politikar, folkeleg for mange og populær ut over partigrensa.

Bakgrunn

Bergfrid Fjose tok lærarutdanning i Oslo og studerte ei tid ved Menighetsfakultetet. Sidan verka ho som lærar fleire stader, både i Valdres, Kvam, Årdal, Fana og Voss. Ho var kjend for eit sterkt sosialt engasjement, mellom anna for dei nedkøyrde i samfunnet. I abortspørsmålet markerte ho seg tydeleg, og ho la stor vekt på edruskapsspørsmål.

Politikar 

Ho var medlem av Kristeleg Folkeparti frå 1945 og kom med i kommunepolitikken alt frå 1950-åra. Ho sat på Stortinget i to periodar, 1969–1977. Dette gjorde henne også til den første kvinnelege stortingsrepresentanten for KrF. Frå 1972 til 1973 var ho sosialminister i Lars Korvalds regjering, og ho var formann i Kristeleg Folkepartis Kvinner frå 1976 til 1978.

Ho fekk fleire offentlege verv også på nasjonalt plan, til dømes i Vinmonopolets råd, Det kriminalførebyggjande råd, Statens eldreråd, Statens attføringsinstitutt og Dagspresseutvalet. Ho var formann i Sogn og Fjordane-krinsen i Noregs Husmorforbund og medlem av landsstyret frå 1961 til 1965.

Interessefelt

Bergfrid Fjose hadde djupe røter i folkehøgskulen, målreisinga og bygdekulturen på Vestlandet. Og ho var aktivt med i arbeidet for kyrkja og misjonen. På Stortinget var ho medlem av Løvebakken Mållag og Fråhaldsgruppa. Saman med ektefellen, presten Olav Fjose, var ho tidleg engasjert i motstandskampen under krigen og måtte røme frå landet.

Politisk stil

Bergfrid Fjose hadde ein levande stil og eit folkeleg uttrykk i møte og på talarstolar. Ho hadde plass for smil og munter sjølvironi i innlegga sine – og sidan vart «fjosepose» eit innslag i folkespråket då Vinmonopolets grå innpakning vart vel synleg.

Familie

Ho var dottera til folkehøgskulestyraren, venstremannen og presten Jon Mannsåker og søstera til riksarkivar Dagfinn Mannsåker.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olav Fjose: Bergfrid. Oslo 1988

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg