Dagfinn Mannsåker

Faktaboks

Dagfinn Mannsåker
Født
30. juni 1916, Ullensvang, Vestland
Død
16. juli 1994, Oslo
Dagfinn Mannsåker
.
Lisens: CC BY SA 4.0
Riksarkivar Dagfinn Mannsåker på kontoret sitt hos Riksarkivet på Bankplassen i Oslo på 1970-talet. Som riksarkivar (1965–1982) var den største oppgåva hans reisinga av Riksarkivet på Kringsjå. Bygget stod ferdig i 1978.
Av /Riksarkivet .

Artikkelstart

Dagfinn Mannsåker var historikar og riksantikvar. Han gjorde ein viktig innsats for å byggje nytt riksarkiv på Kringsjå i Oslo.

Bakgrunn

Dagfinn Mannsåker var fødd i Ullensvang. Etter realartium valde han filologistudiet og tok embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1945, med historie hovudfag. I 1955 vart han dr.philos.

I 1945–1950 var Mannsåker adjunktstipendiat i kyrkjehistorie ved Universitetet i Oslo, deretter forskingsstipendiat. Frå 1954 var han lektor ved Aars og Voss skole og i 1959–1965 universitetslektor i historie ved Universitetet i Oslo. I 1965–1982 var han riksarkivar.

Historikaren

Som historikar arbeidde Mannsåker særleg med 1800-talet. Alt i hovudfagsoppgåva om Jacob Aall kom denne interessa til uttrykk. I tida som stipendiat var han med på å gi ut den tekstkritiske utgåva av skriftene til lekmannsleiaren Hans Nielsen Hauge. Dei kom i åtte band frå 1947. Doktoravhandlinga Det norske presteskapet i det 19. hundreåret. Sosialhistoriske studiar var ein svært grundig analyse av rekrutteringa til presteskapet og vert omtalt som eit pionerarbeid i norsk sosialhistorie.

Den største oppgåva som riksarkivar var reisinga av Riksarkivet på Kringsjå. Bygget stod ferdig i 1978.

Verv og administrasjonsoppgåver

Han hadde mange tillitsverv og administrasjonsoppgåver, mellom anna var han redaktør for Historisk Tidsskrift 1955–1970 og formann i Den norske historiske forening 1966–1972. Vidare var han styreleiar for Noregs musikkhøgskole i ti år frå opprettinga i 1972. Sjølv var han ein habil cellist. Han hadde studert ved Musikkonservatoriet i Oslo og var aktiv orkestermusikar gjennom mange år. Mannsåker var òg aktiv i målrørsla. I 1958–1961 var han formann i Bærum Mållag og i 1960–1964 leiar i Kringkastingsringen.

For innsatsen for norsk kulturliv vart han heidra med St. Olavs Orden av 1. klasse i 1983. Dagfinn Mannsåker var bror til KrF-politikaren Bergfrid Fjose.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Skodvin, Magne (1996): «Minnetale over riksarkivar dr.philos. Dagfinn Mannsåker», Det Norske Videnskaps-Akademi. Årbok 1995. Oslo: Det Norske Videnskaps-Akademi

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg