Annett

Artikkelstart

Annett er eit kvinnenamn som kan tolkast som norsk stavemåte av det franske Annette som er diminutiv («vesleform») av Anne.

I fransk uttale av Annette høyrest ikkje [-e] i utlyd, og dette har gitt seg utslag i den norske stavemåten Annett utan [e].

Namnet har fleire variantar: Annett, Anette, Aneth, Annette, Anneth, Anethe, Annethe, Anett.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 120 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Annett som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg