Aneth er eit kvinnenamn. Det er ein variant av Annette som er fransk diminutiv («vesleform») av Anne.

I fransk uttale av Annette høyrest ikkje [e] i utlyd, og dette har gitt seg utslag i den norske stavemåten Aneth utan [e].

Namnet har fleire variantar: Aneth, Anethe, Anett, Anette, Anneth, Annethe, Annett, Annette.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Aneth som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg