Anett er eit kvinnenamn som er norsk form av Annette som er fransk diminutiv («vesleform») av Anne.

I fransk uttale av Annette høyrest ikkje [e] i utlyd, og dette har gitt seg utslag i den norske stavemåten Anett utan [e].

Namnet har fleire variantar: Aneth, Anethe, Anett, Anette, Anneth, Annethe, Annett, Annette.

Namnestatistikk

I 2022 var det 527 kvinner i Noreg som hadde Anett som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Anett i perioden 1900–2017, var det 62 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Anett. Dette inneber at 38 prosent hadde Anett som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Anett frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Anett frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg