Anne-Sofie Strømnæs som ung. Foto: Norges hjemmefrontmuseum

. Begrenset gjenbruk

Anne-Sofie Strømnæs var ei norsk motstandskvinne og kjemikar. Ho var sentral i XU, den største illegale etterretningsorganisasjonen i Noreg.

Anne-Sofie Strømnæs var student då den andre verdskrigen braut ut i 1940, og ho gjekk inn i illegalt arbeid. I 1943 blei ho, 23 år gamal, nestleiar i XU, medan han som seinare blei ektemannen hennar, Øistein Strømnæs, var leiar. Posisjonen som nestleiar hadde ho til krigen var slutt. I lag etablerte dei eit hovudkvarter på St. Hanshaugen i Oslo, der store mengdar etterretningsdata blei handsama. Andre sentrale medlemar av XU var mellom andre Astrid Løken og Otto Øgrim.

Hausten 1942 vart Strømnæs ettersøkt av Gestapo, og ho opererte under falsk identitet i to og eit halvt år. Den lyshåra Anne-Sofie vart til mørke «Åse Berge» eller «Astrid Ødegård». Innan XU gjekk ho under dekknamnet «Aslak», og svært få visste at nestleiaren var ei kvinne.

Anne-Sofie Strømnæs hadde, til liks med dei fleste i XU-leiinga, ikkje noko forhold til militæret. Da ho gjekk inn i motstandsarbeidet, var det ein nærmast instinktiv reaksjon. «Det var berre noko som måtte gjerast», har ho sagt. Bak dei enkle orda låg ein sterk vilje til å kjempe for fridom, demokrati og menneskerettar, mot fascismen og okkupasjonsmakta. 

Strømnæs avslo å bli tildelt dekorasjonar for krigsinnsatsen.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.