Einar Sæter

Faktaboks

Einar Sæter
Født
6. februar 1917, Øksendal i Sunndal, Møre og Romsdal
Død
10. november 2010
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Einar Sæter var ein norsk redaktør og forfattar. Han har mellom anna skrive bøker om tida då han arbeidde som agent i den hemmelege etterretningstenesta XU under den andre verdskrigen.

Sæter var frå 1948 til 1949 stasjonert i New York, der han arbeidde for sikringstenesta knytt til den norske FN-delegasjonen. Då han kom tilbake til Noreg, byrja han som journalist for Nordlys i Tromsø og Arbeidernes Pressekontor i Oslo, før han flytta tilbake til Sunndal i 1954.

Avisredaktør

Einar Sæter var redaktør for arbeidarpartiavisa Aura Avis på Nordmøre frå 1954 til 1971. I 1971 grunnla han avisa Driva. Der var han redaktør fram til 1988.

Sakprosa

Sæter har skrive fleire faglitterære bøker. Åra som agent under krigen resulterte i boka I kurer-fart for XU (1977), truleg den første boka som vart skriven om XU, og boka XU. I hemmeleg teneste 1940–1945 (1995), der sonen Svein Sæter var medforfattar.

Naturvern og friidrett

Sæter var også ein profilert naturvernar og friidrettsmann. Han oppnådde både VM-gull og verdsrekord (tresteg) i veteranklassa.

Utmerkingar

Sæter er den einaste som har fått målprisen til Nordmøre Mållag to gonger – for arbeidet i Driva i 1976 og for forfattarskapen i 1997.

I 2002 fekk han Kongens fortenestemedalje i gull for innsatsen sin under krigen og for arbeidet som redaktør og forfattar.

Utgjevingar

  • I kurer-fart for XU (1977)
  • I hemmeleg teneste 1940–1945 (1995, ny utgåve 2007), med Svein Sæter.
  • 75 år med KOA til Mørelinjen (1990)
  • Gullgravar-legen og brørne hans (1993)
  • Gullfeber. Norske gullgravarar i Klondike og Alaska (1996).
  • Hans Hyldbakk. Samtale med ein 100-åring, (1998), med Svein Sæter.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg