Faktaboks

Anna-Riitta Lindgren
Fødd
3. desember 1947

Anna-Riitta Lindgren er professor emerita i finsk språkvitskap. Ho er finsk statsborgar, busett i finsk Karesuvanto (nordsamisk: Gárasavvon), men har brukt mesteparten av det faglege livet sitt som lærar og forskar i finsk og kvensk ved UiT Noregs arktiske universitet.

Ho var ein av dei aller første som tok til å forske på det som da var rekna som kvenske dialektar. Saman med eit par andre fennistar (forskarar på finske språk) har ho gjennom kartlegging og analyse av fleire av desse dialektane bidratt til å leggje grunnlaget for standardiseringa av det nasjonale minoritetsspråket kvensk.

Bakgrunn

Lindgren er fødd og vaksen opp i eit akademisk Helsingfors-miljø med lange tradisjonar bakover i tida. Ho har utdanninga si frå finskspråklege skolar i Esbo og Helsingfors, studerte finsk (hovudfag), språkvitskap og litteraturvitskap ved Helsingfors universitet, blei cand.philol. i 1976 og tok doktorgrad ved Universitetet i Tromsø i 1993.

Feltarbeid, forsking og undervisning

Lindgren har på ingen måte levd noko akademisk A4-liv. Alt tidleg i studietida insisterte ho på å gå sine eigne vegar. Da ho som førsteårsstudent i finsk skulle gjennomføre eit obligatorisk feltarbeid på ein bestemt finsk dialekt (eventuelt på finske stadnamn), gjorde ho det ikke lett for seg sjølv.

Trass i skarpe åtvaringar frå alle aktuelle lærarar reiste ho i lag med ein studiekamerat til Nord-Noreg for å finne ut meir om kvensk språk, som ho visste skulle finnast i ymse nordnorske språksamfunn. Frå før fanst det svært lite beskrive om dette språket/desse dialektene. Sidan da, frå 1967 til midt på 1980-talet har ho kvart år (i periodar på frå eit par veker til fleire månader) gjort feltarbeid blant kvenar i Nord-Troms, Porsanger og Nord-Varanger i Finnmark.

Mens ho framleis var student, blei alt innsamla materiale systematisert og arkivert på Helsingfors universitet. Også etter å ha avlagt eksamen i finsk heldt ho oppe interessa for kvensk og var på regelmessige feltarbeid i Nord-Noreg.

I studietida underviste ho i finsk og historie i eitt år i ungdomsskole og gymnas i Kemijärvi, og mellom 1975 og 1977 var ho lektor i finsk ved Universitetet i Greifswald, Tyskland (DDR).

Etter at ho fekk fast stilling ved Universitetet i Tromsø som amanuensis i finsk i 1977, frå 1994 som professor, har ho brukt store delar av forskingstida si til å arbeide med kvensk ut frå ulike synsvinklar. Ved sida av å kartlegge kvenske dialektar reint lingvistisk har ho vore opptatt av sosiolingvistiske og språksosiologiske perspektiv og gjort systematiske intervju om to- og trespråkleg praksis blant kvenar, samar og norske i store delar av Finnmark og Nord-Troms. Ho har skrive om endringsprosessar i kvensk grammatikk, om språkkontaktfenomen mellom kvensk, samisk og norsk, i tillegg til ei rekkje artiklar om kvenar, kvensk og trespråklege lokalsamfunn i nord.

Lindgrens bidrag til standardiseringa av kvensk har primært gått ut på at ho har kartlagt delar av dei grammatiske systema i ulike kvenske dialektar. Samtidig har ho delteke i det språkpolitiske arbeidet fram mot 2005 da norske styresmakter gav kvensk offisiell status som språk (i motsetnad til dialekt).

Anna forsking

Trass i sin store og tidkrevjande pionerinnsats for kvensk språk og kultur har Lindgren òg funne tid til å arbeide på andre, og delvis beslekta, område. Ho har vore med på eit samarbeidsprosjekt om stillinga til samisk språk i Finland. Ikke minst har ho arbeidd med den språksosiale situasjonen til samar i Helsingfors. Heilt parallelt har det vore ei tilsvarande forskingsinteresse for bysamar i Noreg.

Eit anna større forskingsarbeid ho har deltatt aktivt i, er eit finsk-svensk prosjekt om språkleg emansipasjon i Finland og Sverige. Delprosjektet Lindgren var med på, dreidde seg om språkskiftet frå svensk til finsk blant høgstatus-personar/-familiar mellom 1850 og 1920. I løpet av denne tida gjekk om lag 50 prosent av desse personane/familiane som opphavleg var svenskspråklege, over til å bruke finsk. Omgrepet «fennomanfamiliar» er framleis i bruk. Utan dette frivillige og ideologisk baserte språkskiftet blant den høgt utdanna svenskspråklege eliten hadde neppe finsk kunna etablere seg så smertefritt som det gjorde, som offisielt språk i Finland ved sida av svensk. I denne tidsepoken var nemleg over 85 prosent av folket finskspråkleg, mens majoriteten av den finske eliten var svensktalande. Alt i 1863 blei finsk likestilt med svensk, men da berre på visse område. No er begge språka offisielle i Finland.

Lindgren har ei omfattande publikasjonsliste. Ho skriv på finsk, norsk, engelsk og tysk. Mange av titlane dokumenterer stor samarbeidsvilje (og vel også samarbeidsevne og -glede). Ho har skrive artiklar i lag med fleire andre og ikke minst redigert ei rekkje bøker saman med andre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg