Faktaboks

Anders Totland
Fødd
18. november 1986, Stord
Anders Totland
Anders Totland
Av /Samlaget.

Anders Totland er forfattar og journalist. Han skriv skjønnlitteratur og sakprosa for barn og vaksne. Som forfattar går han inn i vanskelege og krevjande tema for ungdom.

Bakgrunn

Anders Totland er fødd på Stord. Han gjekk kokkelinja ved Kvinnherad vidaregåande skule frå 2002, var kokkelærling frå 2004 i Bergen og tok fagbrev som kokk i 2006. Totland har bachelorgrad i samfunns- og utviklingsstudium frå Høgskulen på Vestlandet (2010). Han har vikariert som kyrkjeorganist sidan han var 15 år gamal.

Frå 2006 arbeidde Totland nokre år som kokk, bartender og servitør. Frå 2008 til 2010 skreiv han for innsida.no, ei nettavis eigd av Haugesunds Avis. Han var journalist i avisa Sunnhordland frå hausten 2010 og fram til han slutta våren 2018 for å verte forfattar på fulltid. Han er representert i fleire antologiar, og to av ungdomsbøkene hans er omsette til dansk.

Skjønnlitteratur

Totland debuterte i 2015 med barneboka Vampyrane i eplehagen, ei forteljing om to vampyrar og ein prest som får blodsmak i munnen når han syklar. Boka er illustrert av Nina Flatnes Bratbak. Engel i snøen (2016) er ein sterk, sår og likevel vakker ungdomsroman, der hovudpersonen er eit barn som skal døy av sjukdom.

I 2017 kom ungdomsromanen Så lenge ingen ser oss, om korleis eit barn opplever det å verte utsett for seksuelle overgrep frå ein tillitsperson. Høgaktuelle Nedteljing, frå 2018, handlar om utpressing etter at ein ung gut har delt ein nakenvideo av seg sjølv med ei jente på nettet. Vintertonar (2019) er den første romanen for vaksne. Den handlar om vald i familien og om Isak som reiser tilbake til barndomsbygda for å finne sanningar om mora, faren og si eiga fortid.

Sakprosa

I 2018 kom òg den første sakprosaboka hans for ungdom ut. I Den norske slavehandelen tek han for seg Noreg si rolle i den internasjonale slavehandelen. Totland skriv òg sakprosa for vaksne. I mange år dreiv han matbloggen «Frå hage til mage», og i 2017 gav han ut kokeboka Digg. Gjer kvardagen til ein fest. I 2021 gav han ut Vindmøllekampen. Historia om eit folkeopprør.

Utmerkingar

Totland fekk Nynorsk barnelitteraturpris i 2016 for Engel i snøen, og i 2019 blei boka kåra til ei av dei ti beste ungdomsbøkene som er skrivne på nynorsk etter år 2000. For Så lenge ingen ser oss fekk han i 2018 Ordknappen, eit heidersmerke frå Leser søker bok. Han har òg fått fleire prisar for arbeidet sitt som journalist.

Utgivingar

  • Vindmøllekampen. Historia om eit folkeopprør (Sakprosa, Samlaget, 2021)
  • Lepra (Sakprosa for barn og unge, Gyldendal, 2020)
  • Vintertonar (Roman, Samlaget, 2019)
  • Nattmannen. En faktabok med ti sanne historier om folk uten ære (Sakprosa for barn og unge, Gyldendal, 2019)
  • Ut i rommet (Barnebok, Samlaget, 2019)
  • Den norske slavehandelen (Sakprosa for barn og unge, Gyldendal, 2018)
  • Nedteljing (Ungdomsbok, Gyldendal, 2018)
  • Så lenge ingen ser oss (Ungdomsbok, Gyldendal, 2017)
  • Digg. Gjer kvardagen til ein fest (Kokebok, Skald forlag, 2017)
  • Engel i snøen (Ungdomsbok, Gyldendal, 2016)
  • Vampyrane i Eplehagen (Biletbok, Kapabel Forlag, 2015)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg