Haugesunds Avis

.
Lisens: Begrenset gjenbruk
Haugesunds Avis/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Artikkelstart

Haugesunds Avis er ei regionavis som kjem ut i Haugesund. Avisa blei grunnlagd i 1895 og er eigd av Amedia frå 2012. Haugesunds Avis dekker Haugalandet, Sunnhordland og Hardanger. Einar Tho er frå 2015 ansvarleg redaktør.

Historie

Haugesunds Avis blei grunnlagt i 1895 av Bernt Seland, som forlét avisa i 1912. Avisa vart gitt ut som dagsavis frå 1912. Haugesunds Avis var tradisjonelt ei venstreavis. Deretter mobiliserte Venstre-folk i byen og samla nok kapital til å overta, og Knut Markhus blei den første redaktøren etter Seland. I løpet av kort tid kom det på plass to setjemaskinar og ei rotasjonspresse. Rotasjonspressa vart eit historisk skilje då ho blei teken i bruk 6. februar 1915, som vart markert eit spesialnummer på 24 sider, tettpakka med stoff og annonsar. Haugesunds Avis var dermed for ei kort tid den mest moderne utstyrte avisa på Vestlandet.

Åra som følgde blei nokså turbulente med stadig utskifting av redaktørar. I 1921 blei Einar Osland redaktør, som fekk med kollegaene Einar Aamot og Ragnvald Øygard. Dei var alle tre tilsette i Drammens Dagblad fram til 1920. Osland var redaktør til han døydde i 1955, blei etterfølgd av Aamot, som døydde i 1959, og deretter Øygard, som sat som redaktør til 1968. Dette året passerte elles nettoopplaget til avisa 20 000, og talet på tilsette passerte hundre.

Haugesunds Avis følgde Det Nye Folkepartiet etter partisplittinga i 1972. I 1973 var den siste lokale konkurrenten, Haugesunds Dagblad, lagt ned, og Haugesunds Avis blei dermed einerådande. Året etter kunne avisa markere innflytting i eit nybygg med ei ny og større rotasjonspresse. Berre ti år etterpå blei det ny flyttesjau, til eit moderne avishus, med nok ei ny rotasjonspresse.

Haugesunds Avis dreiv kabel-TV i 1982–1986 og nærradio (Radio 102) frå 1985. Avisa har hatt nettutgåve frå 2000. Avisa gjekk godt og blei attraktiv for oppkjøp. Dagbladet var først ute, som i 1989 sikra seg 44 prosent av aksjane. To år etterpå blei Orkla Media eineeigar (skifta namn til Edda Media då dette selskapet i 2006 blei selt til det britiske selskapet Mecom). Etter fusjonen mellom Edda Media og A‑pressa i 2012 er Haugesund ein del av Amedia.

Hausten 2003 gjekk avisa over til tabloidformat, og året etter blei ho morgonavis, samtidig som ein gjekk i gang med eige laurdagsmagasin. Det er mellom anna også etablert nettavis og ei eiga vekeavis for Karmøy.

Haugesunds Avis fungerer i dag som regionavis for eit område som omfattar Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger. Harde resultatkrav og kraftige nedbemanningar i dei seinare åra har likevel ført til at avisa konsentrerer seg sterkare om kjerneområdet Haugesund, Karmøy og Tysvær.

Opplag

År Opplag
1920 7 000
1950 12 555
1960 15 799
1969 22 332
1973 27 041
1983 33 294
1997 38 199
2008 31 907
2015 19 079
2020 21 726
2021 21 377

Frå 2020 vert det nytta netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterar til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Fyrste nr. 3.12.1895, fyrste redaktør: Bernt Seland.
  • Førebels siste nr. 31.12.1942, fyrste nr. etter krigen 1.9.1945.
  • Haugesunds Avis og Haugesunds Dagblad kom ut som fellesavis 4.1.1943–30.8.1945.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar. Prosjektet er delfinansiert av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg