Faktaboks

Frauke Petry
Fødd
1. juni 1975, Dresden
Frauke Petry, 2016
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Frauke Petry er ein tysk nærlingslivsleiar og politikar. Ho var leiar av det høgrepopulistiske partiet Alternative für Deutschland (AFD) frå 2015 til 2017, då ho forlot partiet ein dag etter at ho blei attvald til Forbundsdagen.

Bakgrunn

Petry er født i Dresden og oppvaksen i Sachsen og Ruhr-området. Ho er utdanna kjemikar og har vore leiar for eit lite kjemikonsern i Leipzig. Ho gjekk inn i politikken i 2013 då partiet Alternative für Deutschland vart stifta. Ho vart partiets talsperson i delstaten Sachsen og vart også vald til partiets talsperson på nasjonalt plan saman med partigrunnleggjaren Bernd Lucke. Etter ein maktkamp mellom den næringsliberale og den nasjonalkonservative fløyen i partiet, vart Petry attvald som partiets talsperson sommaren 2015. Valet av Petry var ein siger for AfD sin nasjonalkonservative og innvandringskritiske fløy.

Politikk

Petry er EU-skeptisk og kritisk til innvandring. Ho har sagt at ho ønskjer at retten til å søkje asyl skal finnast. Samstundes har ho karakterisert det overveldande fleirtalet av asylsøkjarar som kom til Tyskland hausten 2015 som økonomiske flyktningar. I januar 2016 sa Petry at politiet må hindre flyktningar i å ta seg illegalt inn i Tyskland, om det ikkje er mogleg å stoppe dei på annan måte, må politiet skyte. Utsegnene fekk stor merksemd verda over og vart utsett for skarp kritikk mellom anna frå tyske politifolk.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg