Faktaboks

Alfiva

Ælfgifu

Uttale
ˈalfiva
Levetidskommentar
levde i første halvdel av 1000-tallet
Alfiva og Knut
Alfiva (til venstre) og Knut den mektige kring eit kors.
Av .

Alfiva var Knut den mektige si engelske frille. Saman med son sin Svein førte ho eit hardt styre i Noreg etter Olav den heilage sitt fall, men dei vart fordrivne ved Magnus Olavsson (den gode) sin heimkomst i 1035.

Bakgrunn

Alfiva var fødd i Nottingham i Mercia, England. På norrønt var namnet hennar Álfífa, men i England heitte ho Ælfgifu Ælfhelmsdotter. Ho var dotter av Ælfhelm, ealdorman (jarl) under Ethelred II. Alfiva var i eit forhold med Knut den mektige, som var engelsk og seinare dansk konge. Ho vart omtala som hans frille etter at Knut inngjekk ekteskap med Emma, søstera til den normanniske hertugen Rikard I. Alfiva si stilling vart motarbeidd av Knut si offisielle dronning, men ho ser ut til å ha fungert som uformell hustru og dronning utanfor hoffet.

Maktposisjon

Alfiva og Knut fekk sønene Harald, som seinare vart konge av England, og Svein, som vart underkonge i Noreg. Knut tok Noreg med makt i 1028, med støtte frå norske stormenn som gjorde opprør mot Olav Haraldsson (seinare den heilage). Først innsette han Håkon Eiriksson Ladejarl til å styre landet, men då Håkon døydde i skipsforlis året etter, vart den då 14-årige Svein gjord til norsk regent, med Alfiva som hans formyndar. Då Olav Haraldsson vart drepen i slaget på Stiklestad i 1030, vart stillinga deira tryggare.

Alfiva hadde mykje hand om styringa, og i sogene fekk Svein tilnamnet Alfivason, som nid for den veike styringa hans. I denne tida vart det gitt ei rekkje lover som seinare vart kjende som «Alfivalovene», sjølv om Knut den store må ha vore ein pådrivar for innhaldet. Lovene la tunge bører på bøndene, med skjerpa leidangsoppbod (sjøkrigsteneste) og nye, direkte skattar, under truslar om harde straffer. Dette skapte misnøye, og fleire uår gjorde dette verre for både folket og makta.

Mellom stormennene var det særleg lite kjærkome med ein utanlandsk riksstyrar. Det heile skapte eit opprør, der Olav Haraldsson vart dyrka fram som helgenkonge. Dette styrkte tronkravet til son hans, Magnus den gode. Alfiva og Svein vart først jaga frå Nidaros i 1033 og rømte så landet då Magnus kom med ein hærflokk i 1035. Dette året døydde også Knut den store, og året etter Svein. Alfiva reiste då til England og støtta opp om styret til son sin Harald der.

Truleg har Alfiva hatt stor påverknad på Harald. Enkedronninga Emma søkte på si side å drive fram sonen ho hadde med Knut, Hardeknut, som hadde arva makta i Danmark, og som òg var engelsk konge. Ei stund var det engelske riket difor delt i ein norddel som var styrt av Harald og Alfiva, og ein sørdel, styrt av Emma og jarlen Godwin. Hardeknut var derimot oppteken med kamp mot Magnus den gode, og i 1037 vart Harald difor konge over heile England.

I 1040 døydde Harald av sjukdom. Hardeknut og Emma kom då tilbake til landet. Truleg levde Alfiva framleis på dette tidspunktet, men kva som skjedde med henne seinare, er ukjent.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Timothy Bolton: «Ælfgifu of Northampton: Cnut the Great's other woman», Nottingham Medieval Studies 2007
  • Hans Jacob Orning: Norvegr, bd. 1: Frem til 1400. Oslo 2011
  • Ågrip or Noregs kongesoger, oms. av Gustav Indrebø. Oslo 1973

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg