Frille er eit gamalt ord for ei fri og sjølvstendig kvinne som lever saman med ein mann som ho ikkje er gift med. Mannen kunne gjerne også vere gift med ei anna kvinne, og frilla fungerte då som ei «medkone».

Faktaboks

Uttale

fri'l:ə

Etymologi
av norrønt friðla ‘elskerinne’, til friðill ‘elskar’

Etter dei norrøne kjeldene å døme, ser det ut til å ha vore svært utbreidd med friller i Noreg i mellomalderen. Sogene har mange døme på friller og born av friller, og lovene regulerer ordninga, særleg når det gjeld arv. Born av friller kunne få arv etter far sin dersom han hadde vedgått farskapen; men ektefødde born hadde førerang.

Kyrkja kjempa mot samliv utanfor ekteskapet, og den relativt høge og frie statusen som friller kunne ha, vart senkt etter kvart som kyrkja kalla det synd og kunne krevje bøter for slike forhold. I 1320 sette erkebiskop Eiliv friller jamt med horer og nekta dei kyrkjelege sakrament, og friller som var saman med prestar, vart seinare også truga med ekskommunikasjon.

Somme av dei norske kongane etter kristninga ser ut til å ha vore frillesoner, til dømes Håkon Håkonsson.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg