Øvre Telemark er ei nemning som historisk vart brukt om den indre delen av Telemark. I dag blir området rekna å omfatte kommunane Vinje, Tokke, Seljord, Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Tinn, Hjartdal, Notodden, Midt-Telemark og Nome.

Øvre Telemark blir gjerne delt inn i Vest-Telemark og Aust-Telemark.

I dag

Øvre Telemark prosti har røter tilbake til mellomalderen og blei oppretta igjen i 2015 etter å ha vore delt i to i perioden 1838–2015. Tidlegare har Øvre Telemark òg vore ei sivil forvaltningseining i form av Øvre Telemarken sorenskriveri, som er ein forløpar til Vest-Telemark tingrett og Aust-Telemark tingrett (no Telemark tingrett).

Etter dagens kyrkjelege grenser omfattar Øvre Telemark prosti ti kommunar: Vinje, Tokke, Seljord, Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Tinn, Hjartdal, Notodden, Midt-Telemark og Nome.

Historisk

Namnet Telemark er samansett av norrønt *Þilir og *mǫrk og betyr «marka til tela»; tela var den folkegruppa eller stammen som budde i det som seinare blei kalla Øvre Telemark i folkevandringstida og vikingtida. Dette området (i dag kalla Øvre Telemark) gav namn til det seinare fylket Telemark.

Frå seinmiddelalderen var Øvre Telemark prosti eitt rundt 40 prosti i Noreg, og var blant dei geografisk største. Øvre Telemark blir delt tradisjonelt i dei to regionane Vest-Telemark («vestfjelske») og Aust-Telemark («austfjelske»).

Øvre Telemark er kjenneteikna av eit variert og vakkert landskap, med mange fjell, dalar og innsjøar. Øvre Telemark er òg kjent for dei særeigne kulturelle tradisjonane, mellom anna innan folkemusikk, kunst og handverk, mat og arkitektur. Draumkvedet er overlevert i munnleg tradisjon i Øvre Telemark, hovudsakleg i Kviteseid- og Lårdal-traktene.

Øvre Telemark har distinkte dialektar, som er blant dei norske dialektane som har bevart flest trekk frå norrønt. Øvre Telemark har fleire bygningar frå før-reformatorisk tid enn noko anna distrikt i Noreg, mellom anna Eidsborg stavkyrkje og ei rekkje steinkyrkjer frå 1100–1200-talet. Øvre Telemark var i mellomalderen og seinare området i Noreg med flest sjølveigande bønder. Samfunnsforholda og kulturen i Øvre Telemark var derfor meir egalitær enn andre stader på Austlandet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg