Techno er ein musikksjanger innanfor elektronisk dansemusikk (EDM) med opphav frå Detroit i Michigan på midten av 1980-talet. Techno vart globalt populært på 1990-talet.

Faktaboks

Uttale
tˈekno
Etymologi

engelsk

Musikkstilen kan skildrast som repeterande instrumental dansemusikk med særleg fokus på kompliserte rytmar og perkussive element, framfor melodiske, i tillegg til kreativ og innovativ bruk av musikkproduksjonsteknologi.

Historie

Nina Kraviz

DJen Nina Kravis spelar på superklubben Space Ibiza Terraza, 2014.

Av /Commons Wikimedia.
Lisens: CC BY SA 4.0

Inspirert av Kraftwerk og anna elektronisk musikk frå Europa, byrja Juan Atkins, Derrick May og Kevin Saunderson («the Belleville Three») å produsere techno i Detroit på midten av 1980-talet. Dei var interesserte i ny teknologi og framtida, og musikken vart tydeleg influert av dette. I byrjinga var EDM-scenene i Detroit og Chicago, housemusikken sin fødeby, relativt isolerte fenomen, men gjennom Storbritannia vart musikken frå desse byane vidt kjent. Den USA-produserte technoen ekspanderte mellom 1990–92 til Europa og gjorde seg særleg gjeldande i Tyskland og Berlin.

Techno er produsert i 4/4 med eit tempo mellom 120 og 150 slag per minutt. Nesten utelukkande er musikken instrumental og følgjer det diskoinspirerte trommemønsteret four-to-the-floor. Techno fokuserer på perkusjon og komplekse rytmar i form av synkopar og polyrytmikk framfor melodiske linjer og motiviske utviklingar. Dei tidlege technoprodusentane blanda europeisk synthpop-element med kjenneteikn frå blant anna house, soul, funk og disco, og eit sentralt estetisk element er kreativ bruk av musikkproduksjonsteknologi.

Samanlikna med house og trance, har techno færre musikalske lag og strukturelle byggingar som fører til ein meir repeterande musikk med jamnare energi. Sjangeren blir ofte kalla DJ-vennleg då den gjerne er produsert for å kunne saumlaust knyte saman låtar i eit lengre DJ-sett.

Techno har etterkvart utvikla seg til å inkludere mange ulike undersjangrar. Aktørar som Aphex Twin, Hardfloor, Prodigy, Chemical Brothers, Moby og Plastikman har gjort sitt for å markere technomusikk på mainstream-marknaden. Andre sentrale DJar innan technosjangeren er Nina Kraviz, Paula Temple, Carl Craig og Jeff Mills.

Tidvis blir techno-termen feilaktig brukt som eit samleomgrep for all elektronisk dansemusikk.

Relaterte sjangrar

House, trance og rave er dei sjangrane innan elektronisk dansemusikk-feltet som oftast blir satt i samanheng med techno sidan dei deler den same underliggande rytmiske grunnfiguren (four-to-the-floor).

I tillegg finnast det ei rekke undersjangrar knytt til techno, som til dømes hardcore techno, minimal techno og acid techno.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg