Fonetikk er læra om dei fysiske og fysiologiske eigenskapane til språklydane. Læra om kva funksjonar språklydane har i språket, vert kalla fonologi.

Faktaboks

Uttale
fonetˈikk

Fonetikken er ein del av lingvistikken eller språkvitskapen, men han har samtidig kryssingspunkt med svært mange andre disiplinar: anatomi, fysiologi, aerodynamikk, akustikk og psykologi. Fonetikk har mykje å seie som anvend vitskap, i språkundervisning, i logopedi og i samband med moderne kommunikasjonsteknologi.

Disiplinar

Ein kan skilje mellom artikulatorisk (organisk) fonetikk, akustisk fonetikk og auditiv fonetikk, som tek føre seg høvesvis produksjon, overføring og persepsjon av språklyd.

I artikulatorisk fonetikk studerer ein korleis lydane vert produserte i taleorgana, det vil seie korleis luftstraumen som skaper lyden, vert sett i gang (oftast frå lungene), korleis denne luftstraumen vert modifisert og eventuelt vert avbroten i talekanalen (strupehovudet med stemmebanda, svelget og dessutan munnhòla med tunge og lepper, gane og tenner), og korleis lufta vert sleppt ut gjennom munnen eller nasen for å danne kvar enkelt språklyd.

I akustisk fonetikk studerer ein dei fysiske eigenskapane til språklydane, det vil seie korleis lydbølgjene vi skaper når vi bruker taleorgana, er samansette.

I auditiv fonetikk studerer ein korleis desse lydbølgjene vert oppfatta med høyrselen.

Historikk

Dei fyrste fonetikarane vi kjenner til, var indiske grammatikarar som levde for omkring 2500 år sidan. Fyrst frå 1500-talet vert det eigentlege grunnlaget lagt for den moderne vitskapen fonetikk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Endresen, Rolf Theil (1991). Fonetikk og fonologi: Ei elementær innføring, 2. utg.
  • Ladefoged, Peter (1996). Elements of acoustic phonetics, 2nd ed.
  • Ladefoged, Peter & Maddieson, Ian (1996). The sounds of the world's languages.
  • Laver, John (1994). Principles of phonetics.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg