Yvonne er eit fransk kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Yvon, fransk form av det tyske Iwo (Ivo) som i sin tur er kortform av samansette namn med forleddet Iv- med tydinga ‘barlind’.

Namnet har fleire variantar: Yvonn, Yvonne.

Namnedag er 8. august. Evy og Yasmin har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Yvonne

Eit utval personar med namnet Yvonne, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 802 kvinner i Noreg som hadde Yvonne som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Dei franske kvinnenamna var mest populære innanfor tidsrommet 1975–2009. I tillegg til Yvonne, som var mest brukt 1975–89, gjeld dette til dømes Annette, Charlotte, Henriette, Jeanette, Madeleine og Mariell.

Utvikling i bruk av namnet Yvonne frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Yvonne frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg