Evy er eit kvinnenamn som kan vere kjæleform av Evelyn eller av det engelske Eve (sjå Eva).

Namnet har fleire variantar: Evi, Evie, Evy, Ewy.

Namnedag er 8. august. Yasmin og Yvonne har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 563 kvinner i Noreg som hadde Evy som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 jenter som fekk namnet Evy.

Utvikling i bruk av namnet

Mens dei fleste engelske kvinnenamna på -y var mest populære 1915–1924, til dømes Mary, Lilly, Anny, Nelly, Henny, Kitty og Elly, vart Evy mest brukt på eit seinare tidpunkt (1950–1954).

Utvikling i bruk av namnet Evy frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Evy frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg