Yvonn er eit kvinnenamn som kan tolkast som norsk stavemåte av det franske Yvonne der [e]-en til slutt i namnet ikkje er uttalt. Yvonne er avleidd av mannsnamnet Yvon, fransk form av det tyske Iwo (Ivo) som i sin tur er kortform av samansette namn med forleddet Iv- med tydinga ‘barlind’.

Namnet har fleire variantar: Yvonn, Yvonne.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Yvonn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg