Faktaboks

Stavanger Aftenblad
Offisielt namn
STAVANGER AFTENBLAD AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Stavanger
Dagleg leiar
Mari-Marthe Aamold
Styreleiar
Øyulf Hjertenes
Logo
Logo
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Stavanger Aftenblad er ei regionavis som kjem ut i Stavanger. Avisa blei grunnlagd i 1893 og er eigd av Schibsted frå 2012 (tidlegare Media Norge). Stavanger Aftenblad dekkjer Rogaland. Kjersti Sortland er sjefredaktør frå 2022.

I etterkrigstida kom Stavanger Aftenblad til å bli ei av dei største regionavisene i landet og vart politisk uavhengig.

Digitalt

Nettutgåva vart skipa hausten 1996. Aftenbladet publiserer på fleire plattformer. Avisa har fleire populære podkastar, som Aftenbla-bla (nyhende og aktualitetar) og Studio A, som særleg konsentrerer seg om sport. Avisa satsa i 1999 på TV-sendingar, ved å kjøpa alle aksjane i TV Vest. I 2007 vart TV Vest omdøypt til TV Aftenbladet, men i 2009 avvikla avisa heile TV-satsinga som ei følgje av finanskrisa året før. I april 2003 vart ukemagasinet Pluss etablert, og avisa fekk tabloidformat frå 2006.

Stavanger Aftenblad hadde i fjerde kvartal 2023 totalt 151 923 lesarar på nett og papir.

Historie

Stavanger Aftenblad var presten og politikaren Lars Oftedal si avis, som han starta etter ein offentleg skandale. 1. november 1891 stod Lars Oftedal fram i kyrkja under ei gudsteneste og fortalde at han hadde gjort seg skuldig i sedløyse, og han fekk avskil som prest – ikkje i nåde og utan pensjon. Saka vekte sterk oppsikt og førte også til beisk skadefryd hos motstandarane hans. Tre–fire forretningsfolk som var nære vener tykte synd i han. Dei la inn såpass pengar at det kunne bli til eit skur nede i Søragadå. Der starta han avis.

Frå 1893 kom den første utgåva av Stavanger Aftenblad. Det flaut av aviser i Stavanger på Oftedals tid, knytta til heile det politiske spekteret, frå venstre til høgre og i midten. Stavanger Aftenblad blei raskt den største. Oftedal skreiv så folk fryda seg over stil og innhald. Slekt støtta til i trykkjeri og pakkeri. Etter kvart kom det andre som fekk arbeid og rimeleg løn.

Grunnleggjaren Lars Oftedal stridde med helsa. I 1900 døydde han, men sonen Lars dreiv avisa vidare og oppover. Under hans leiing hadde avisa sterk framgang og vart eit av partiet Venstre sine hovudorganar og ei av dei mest innflytelsesrike aviser i landet. Tilknytninga til Venstre heldt fram like til partiet vart kløyvd i 1972. Etter den tida har Aftenbladet vore partipolitisk uavhengig. I 1932 vart Lars etterfulgt av sonen Christian S. Oftedal, som redigerte avisa til han døydde i 1955, berre avbrote av krigsåra frå 1940 til 1945.

Avisa grodde i alvor og kvalitet opp gjennom hundreåret. Det kom maskinar, typografar og skriveglede. Det kom andakter og korrespondentar frå vide ikring. Det kom kvinneside. Og avisa følgde med i rikspolitikken og talde med. Og ho følgde nøye med i smått og stort. Avisa famna byen, men spreidde seg samstundes innover Ryfylke og sørover Jæren. Avishaugane låg klare på kaien straks fjordabåtane skulle innover i femtida.

Schibsted

Aftenbladet er den dominerande nyhendekjelda i Stavanger og Sør-Rogaland. Aftenbladet er ikkje lenger eit familieføretak, men del av Schibsted-konsernet. Og frå 2016 kjem avisbunkane frå Schibsted sitt trykkjeri i Bergen.

Sjefredaktørar

Namn Periode
Lars Oftedal 1893–1900
Lars Oftedal d.y. 1900–1932
Christian Oftedal 1932–1955
Johan Kringlebotn 1942–1945 (sett inn av tysk okkupasjonsmakt)
Per Thomsen 1955–1973
Jon Arnøy 1973–1983
Thor Bjarne Bore 1983–2000
Jens Barland 2000–2002
Tom Hetland 2002–2011
Lars Helle 2012–2021
Kjersti Sortland 2022–

Opplag

Opplagstall for Stavanger Aftenblad, 1986-2022

1986 65965
1988 66984
1990 68129
1991 69403
1992 70942
1993 71771
1994 72097
1995 72102
1996 72079
1997 71637
1998 72627
1999 73414
2000 73221
2001 72049
2002 71364
2003 70101
2004 69499
2005 68186
2006 67283
2007 68010
2008 66343
2009 65298
2010 63988
2011 63283
2012 61636
2013 59262
2014 58544
2015 55412
2016 55450
2017 56590
2018 63644
2019 62609
2020 63268
2021 63965
2022 63973
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)

Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement.

År Opplag
1932 17 000
1950 30 003
1960 36 584
1970 46 217
1983 62 727
1998 72 627
2008 66 343
2015 50 001
2016 55 450
2017 56 590
2018 63 644
2019 62609
2020 63 268
2021 63 965
2022 63 973
2023 64 196

Kjeld: opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Prøvenr. 12.8.1893.
  • Fyrste nr. etter krigen 19.5.1945.
  • Opplag (papiravisa): 64 196
  • Lesartal totalt (2023): 151 923
  • Tilsette i redaksjonen (2023): 80

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aadnøy, Alf: Avisen og menneskene : Stavanger aftenblad 100 år, [1993], isbn 82-90066-93-7
  • Det siste ord blir aldri sagt (bok om dei tre første avisredaktørane), 1968.
  • Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): Norske aviser fra a til å. Universitetsforlaget 2010.

Faktaboks

Stavanger Aftenblad
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg